Konsernstyret i Tine vedtok i går å auke betalinga for feitt i mjølka.
Les også: Mager melk får skylda for smørmangel i Norge
Vedtaket kjem etter sterk vekst i etterspørselen etter smør, noko som har ført til smørmangel og behov for import av smør det siste året.
Behov for meir mjølkefeitt
Den store smøretterspørselen har ført til sterkt behov for å auke tilgangen på mjølkefeitt for å betre balansen mellom ulike råvarer i meieridrifta.
Les også: Tine kuttar feittprosenten i heilmjølka etter smørkrisa
Tine auka feittbetalinga til 5 øre ekstra for kvar promille feitt utover 4 prosent frå nyttår i år.
Skrur opp feittbetalinga
Med vedtaket i går aukar feittillegget til 8 øre pr promille feitt utover 4 prosent. Trekket for lågare feittinnhald blir halde uendra.
Vedtaket trer i kraft frå 1. januar 2013.
- Ubalansen kostar Tine dyrt
Tine grunngjev vedtaket slik:
- Pr i dag er det underskot på mjølkefeitt i Norge. Prisane i marknaden gjenspeglar dermed ikkje den reelle verdien. Ubalansen i marknaden påfører Tine ekstraordinære utgifter til økt produksjon av skummamjølkpulver, skriv Tine i ei melding på medlemssidene sine.
Les også: Nordmenns smørhunger gir store lager av skummamjølkpulver hos Tine
Tine varslar vidare prisvekst på mjølkefeitt ut til forbrukar neste år.
Vurderer fleire prishopp
Det bondeeigde meierikonsernet utelukkar ikkje fleire prisendringar framover.
- Administrasjonen vil overvake utviklinga i feittinnhaldet i kumjølka og vurdere behov for endringar i feittbetalinga dersom marknadssituasjonen tilseier det, skrive Tine.