Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine seljer ikkje Diplom-Is

Selskapet beheld eigarskap etter heilheitsvurdering.

På konsernstyremøte i Tine i går av avgjorde styret å behalde eigarskapen i Diplom-Is, skriv selskapet i ei børsmelding. Iskremprodusenten er eit heileigd dotterselskap av Tine SA.

Det vart kjend i september at Tine vurderte å selje selskapet. Etter mange år med raude tal selde Tine i 2010 både den svenske og danske delen av Diplom-Is. På fem år har Tine tapt ein kvart milliard på iskremverksemd.

- Styret har etter ei heilheitsvurdering vald å ikkje gå vidare med prosessen kring eit mogleg sal av Diplom-Is, seier styreleiar Trond Reierstad i TINE SA.

Les også: Bønder splitta i synet på sal av Diplom-Is

Les også: Salg avhengig av pris

Diplom-Is har rundt 55 prosent av iskremsalet i Noreg, og 15 millionar liter fløyte går med i iskremproduksjonen.

Annonse

NNN: - Ei gladnyheit

Forbundsleiar Jan-Egil Pedersen i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), er glad for at Tine beheld eigarskapen i Diplom-Is.

- På vegner av dei tilsette er eg nøgd med at Tine ikkje seljer Diplom-Is. Tine er eit langsiktig og industritenkjande konsern, seier Pedersen.

Kunne hamna i utlandet

Med Tine sitt vedtak blir eigarskapen i Diplom-Is verande norsk. To av dei fremste kanditatane til eit mogleg kjøp av iskremprodusenten, svenske GB Glace og finske Unilever, synte i haust interesse for Diplom-Is. Unilever kjøpte Diplom-Is-verksemda i Danmark, medan den svenske delen av verksemda vart seld til isaktøren Anders Müntzing.

- Me har sett at rettigheiter som til dømes pensjonsordningar kjem under press der Unilever kjøper seg opp, no sist i Storbritannia. Norsk eigarskap er viktig. I Noreg arbeider tilsette og eigarar i fellesskap for bedrifta, seier Pedersen.

Diplom-Is har to produksjonsanlegg, på Gjelleråsen utanfor Oslo og i Brevik i Telemark.

Neste artikkel

3000 bønder vil kjøpe mjølkekvote av staten - 107 vil selje