Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine sel seg ut av Salmon Brands

- Rett tidspunkt å selje på, seier konserndirektør Hege Holter Brekke.

Tine SA har avgjort å selje aksjemajoritetsposten sin i selskapet Salmon Brands AS til den andre eigaren i selskapet, Bremnes Seashore AS. Tine eig 51 prosent av Salmon Brands, medan Bremnes Seashore eig 49 prosent.

Salmon Brands er selskapet bak Salma-laksen. Salma har på kort tid bygd opp ein sterk posisjon i marknaden, og har vore ein suksess for Tine. Salmon Brands fekk lansdekkjande distribusjon på Salma i 2010, noko som sterkt bidrog til å auke salet og gje positive driftsresultat for selskapet.

- Salmon Brands har gått med overskot dei siste to åra. Kva er årsaka til at Tine sel seg ut no?

- Me er stolte over at me i fellesskap med Bremnes har klart å utvikle kanskje den fyrste reelle merkevaren på fersk fisk i Noreg. Tine meiner tidspunkt og prisen Bremnes betaler gjer at det er rett å selje no, seier konserndirektør for marknad og marin verksemd i Tine, Hege Holter Brekke til nationen.no. Ho er Tine sin styrerepresentant i Salmon Brands. Ho vil ikkje opplyse kor mykje Tine seljer aksjeposten sin for.- Det er informasjon som er forbeholdt kjøpar og seljar, seier Brekke.

Tine la torsdag fram eit årsresultat som, for andre året på rad, synte eit milliardoverskot.

Treng tydeleg retning

Ho seier det har vore eit godt og tett samarbeid mellom Tine og Bremnes sidan oppstartinga i 2004, men at dei har konkludert med at éin eigar vil gje selskapet ei tydeleg retning og betre utviklingsvilkår. - I eit kvart samarbeid er det ulikt syn på vegval, det har det også vore i dette samarbeidet. Me har kome fram til ei løysing som er positiv for alle partar, seier Brekke.

Diskusjonar om eigarskap i Tine

Annonse

Tine har det siste året diskutert strategi og eigarskap i ulike selskap. I 2010 selde Tine den svenske og den danske delen av Diplom-Is, og konsernstyret diskuterte også i fjor å selje den norske delen av Diplom-Is. I desember fatta Tine vedtak om å behalde eigarskapet isselskapet.

Les også: Tapt ein kvart milliard på fem år

Årsaka er at Tine har ynskt å konsentrere seg om kjerneverksemda i meierisamvirket.

- Er salet av Salmon Brands eit ledd i ein strategi for å selje unna selskap som ikkje er ein del av kjerneverksemda til Tine? - Nei, konsernstrategien styret i Tine vedtok i desember i 2010 seier at Tine skal vera ein sterk leverandør innan mat og drikke, med fokus på meieri. Også merkevarer som ikkje er meieri er ein del av verksemda vår. Tine er ein aktiv industrieigar, og vil løpande vurdere strategiar for kva selskap me er inne i, og føreta diskusjonar kring å sikre ei robust forretningsverksemd i framtida. - Er det andre selskap konsernleiinga vurderer å diskutere, som til dømes Fjordland eller Tun media? - Me gjer løpande vurderingar av resultata til dotterselskapa me er inne i, og vurderer til ei kvar tid kva som gagnar eigarane våre best, seier Brekke.

Held fram med distribusjon

Tine held fram som leverandøra av tenester innan sal og distribusjon av Salma. Tine skriv i pressemeldinga at eigarskapsendringane på kort sikt ikkje vil føre til endringar for kundar, leverandørar eller andre samarbeidspartanar til Salmon Brands.

Brekke seier satsinga på Salma har vore eit vellukka døme på nye satsingsområde for Tine.

- Tine og Bremnes Seashore har skapa den fyrste verkelege merkevaren innan fersk fisk i Noreg. Me er stolte over å ha bidrege til å aktualisere laks, og over å ha vore med på å endre norske matvaner på fisk, seier Brekke.

Neste artikkel

Rapport: Slik skal EU styrke distriktsjordbruket