Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine ankar til Høgsterett

Tar striden med Konkurransetilsynet til høgste hald.

Meierikonsernet vil ikkje at lagmannsrettens slutning om at Tine skal ha misbrukt sin dominerande stilling i forhandlingane med Rema 1000 skal stå.

- Etter grundige vurderingar har Tine avgjort å anke delar av konklusjonen til lagmannsretten i den såkalla kjedeforhandlingssaka til Høgsterett, seier konserndirektør Elisabeth Morthen i ei pressemelding.

45 millionar kroner i gebyr

Konkurransetilsynet ila Tine eit gebyr på 45 millionar kroner etter forhandlingane med Rema 1000 og Ica hausten 2004. Tine anka og fekk medhald på alle punkt i tingretten, men Konkurransetilsynet anka og fekk medhald på enkelte punkt i lagmannsretten.

Lagmannsretten frifant Tine for anklagene om ulovleg avtale med Rema 1000 og dialogen med Ica var også innanfor lovlege rammer. Gebyret vart sett til 30 millionar kroner.

Annonse

Les også: Professor trur Tine vil tene på dommen

- Viktige prinsipielle spørsmål

- Likevel blei Tine dømt etter Konkurranselovens paragraf 11, som rammer utilbørlig utnytting av dominerande stilling. Den delen av lagmannsrettens konklusjon reiser svært viktige prinsipielle spørsmål som vi meiner bør vurderast i Høgsterett, uttaler Elisabeth Morthen i ei børsmelding.

Konkurransetilsynet: - Blir interessant

Informasjonsrådgiver Ronny Turøy i Konkurransetilsynet registrerer med interesse anken.

- Vi har ikkje fått sett oss inn i kva som ligg i anken, men det vil bli interessant å sjå korleis Høgsterett vel å sjå på saka, seier Turøy.

Neste artikkel

MDG om Grytten-rapport: – Dette løser ingenting for bøndene