Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Terje Riis-Johansen blir ny fylkesordførar i Telemark

- Eg gler meg, seier han til Nationen.

Tidlegare Sp-statsråd Terje Riis-Johansen blir ny fylkesordførar i Telemark. Det er klart etter forhandlingar med Arbeidarpartiet og SV.

Terje Riis-Johansen var landbruksminister 2005-2008, og olje- og energiminister 2008-2011, og har lang erfaring frå eit raudgrønt samarbeid.

26-åringen Christian Tynning Bjørnø frå Arbeidarpartiet blir varaordførar i konstellasjonen som får 21 av 41 mandat i fylkestinget.

- Eg gler meg veldig. Eg har jobba mange år i Oslo og ser fram til å jobbe med Telemark. Eg er glad i Telemark, det er her eg bur, og det tykkjer eg er fantastisk morosamt, seier Riis-Johansen til Nationen.

Sterke reaksjonar

Senterpartiet går med det bort frå det borgarlege samarbeidet frå førre fylkestingperidoe, til raudgrønt samarbeid i komande periode, noko som har ført til reaksjonar på borgarleg side.

- Veljarane blei ført bak lyset av Senterpartiet, som har samarbeida med Høgre og dei andre borgarlege partia i 16 år, seier avgåande fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (H) til NRK. Ho har hatt vervet i åtte år.

Thorleif Vikre i Telemark Frp meiner Sp har vore grådige.

- Eit urimeleg krav. Sp var ikkje valvinnar, uansett om ein kjem med ein avdanka eks-statsråd, seier Vikre til avisa Varden.

Riis-Johansen seier det ikkje var vanskeleg å velje side.

Annonse

- Vi hadde møte med begge sider og valgte å gå vidare med Ap og SV. Då gjekk det relativt raskt å bli samde om dei viktigaste sakene og fordeling av posisjonar, seier han.

Han har ikkje dårleg samvit ovafor dei borgarlege partia.

- Eg har gjennom heile valkampen vore klar på at vi skal ta stilling til samarbeidspartnarar etter valet. Vi har fått til ei god løysing og politikken er sikra gjennom ein felles plattform som alle partia er komfortable med, seier han.

Les også: Ingen Riis-Johansen-effekt

Det er fyrste gongen ein tidlegare statråd blir fylkesordførar, får Nationen opplyst.

Senterpartiet gjekk attende 0,4 prosent ved valet i Telemark, men Terje Riis-Johansen sa til Nationen måndag kveld at han ikkje hadde gjeve opp håpet om det fremste politiske tillitsvervet i Telemark. Sp fekk 7,8 prosent av røystene i fylkesvalet i Telemark og har tre representantar i fylkestinget.

Terje Riis-Johansen er 43 år, kjem frå Skien, og har hatt folkevalde verv for Senterpartiet sidan han kom inn i kommunestyret i Skien i 1991.

Heile fylket

I valkampen sa Riis-Johansen til Nationen at det fyrste han skulle gjere viss han blei fylkesordførar, var å reise rundt til alle kommunane i Telemark i løpet av dei 100 fyrste dagane.

- Det er viktig å ha blikk for heile fylket. Vi skal satse på heile Telemark. Vi ønskjer mellom anna å leggje til rette for at elevar på vidaregaånde kan få bu heime så lenge som mogleg og sørgje for at asfalten blir fordelt over heile fylket og ikkje berre i store prosjekt.

Neste artikkel

Sp: Alt var på bordet, Thommessen måtte gå