Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Teikneserien Pondus kjem på dialekt

- Det ville fått Ivar Aasen til å spinne i grava av glede, seier forlaget.

Måndag kjem den populære teikneserien Pondus i ny drakt. Forlaget har kome med ein idé om å slippe same utgåve i fire ulike versjonar, med minst fem dialekter i kvart blad. Utgåvene kjem ut høvesvis på Sør- og Austlandet, Sør- og Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg. - Det er rart å sjå, for det er ikkje eg som har stått for oversettinga. Karakterene blir annleis, men samstundes kan du kjenne dei att. Jokke er Jokke, uansett dialekt, seier Pondus-skapar Frode Øverli til NTB, ifølgje nrk.no. Språkforskar og sogning Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø har vore sjef for oversettinga. - At eit Pondus-album kjem i fire ulike dialektutgåver er eit tydeleg prov på at me nordmenn set pris på dialektmangfaldet, skriv Vangsnes i bladet. I artikkelen peiker han på ulikt ordforråd i ulike stader i landet. Ein kan til dømes lære at kvinnebryst heiter «daiar» i Bergen, «deite» i Troms og Finnmark, og «tatta» i Sogn.Der nordlendingane seier «hæstkuk», vil dei på Sørlandet i staden få servert «dumming».

Annonse

Neste artikkel

Barn skifter til østnorsk når de leker