Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svenn Arne Lie: - Bønder har mindre makt med Sp i regjering

Bøndene misser makt, og forhandlingane med staten har vorte mindre reelle etter at Senterpartiet kom til makta, meiner forfattar Svenn Arne Lie. Han får støtte frå Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Lie er forfattar av debattboka «En nasjon av kjøtthuer» som kom ut tidlegare i år. Han har vore landbruksforskar og er no rådgjevar i Fagforbundet.

- Det er svært tette band mellom leiinga i Bondelaget, samvirka og Landbruksdepartementet. Dei siste 30 åra har departementet brukt jordbruksforhandlingane til å presse gjennom sin politikk via organisasjonane til jordbruket. Organisasjonane har enda opp i ein situasjon der dei blir pådrivarar for ein jordbrukspolitikk som byggjer ned norsk matproduksjon, seier Lie til Klassekampen.

Lie meiner forhandlingane har vorte endå mindre reelle med Senterpartiet i regjering. Tidlegare denne veka sa Lie til nationen.no at brotet i jordbruksforhandlingane og demonstrasjonane som kom etterpå viser at regjeringa er på kollisjonskurs med eigne veljarar.

Les også: Kjøtthue-forfatterne Svenn Arne Lie og Espen Løkeland-Stai stilte til nettprat

Leiar i Bondelaget, Nils T. Bjørke, ser ingen alternativ til ordninga ein har i dag.

- Eg trur forhandlingane fører til at vi finn dei beste løysingane. Ein kan alltid diskutere forbetringar, men samanliknar vi med andre land er det ikkje noko system som er betre enn det vi har. Det er ein gong slik at norsk landbruk er ei politisk næring, og det er politikarane som bestemmer til sjuande og sist, seier Bjørke.

Annonse

Les også: Svenn Arne Lie om jordbruksoppgjeret: - Trugsmål fra regjeringa

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Merete Furuberg er også kritisk. Ho meiner det må bli betre maktbalanse mellom partane.

- Forgjengarane mine fortel at forhandlingane var meir reelle før. Då hadde bøndene tilgjenge til Statsministerens kontor. No er sluttsummen opplesen og vedteken, og nøkkelen er kasta. Då er det ikkje reelle forhandlingar, seier ho. (©NPK)

Les også: Grue og Lie er bare enige om at de er uenige

Neste artikkel

Kommunen gløymde å opplyse bøndene om stengd veg: – Ei tapt sak