Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svakare inntening for Nortura i 2. tertial

Det bondeeigde slakterikonsernet la i dag fram eit resultat før skatt på 86 millionar kroner for dei fire siste månadene.

Torsdag la Nortura fram resultatet for månadene mai til august.

Resultatet før skatt blei på 86 millionar kroner i pluss, ned frå 124 millionar kroner i pluss i same periode i fjor.

Kostnads- og marginpress

Driftsresultatet gjekk også ned frå 313 millionar kroner til 298 millionar kroner i pluss for firemånadersperioden.

Svakare resultat kjem ifølgje Nortura først og fremst i ei negativ utvikling i kostnadene og framleis høgt marginpress i daglegvarehandelen.

Salet og omsetninga aukar

Driftsinntektene held derimot fram med å vekse. I andre tertial vaks inntektene med 4,5 prosent.

Omsetninga enda på 6344 millionar kroner, opp frå 6069 millionar kroner i 2. tertial i fjor.

Nortura skriv i tertialrapporten at medan det i 1. tertial var inntektene frå dotterselskapa som bidrog til auka topplinjevekst, er det i 2. tertial utviklinga i morselskapet og kjerneverksemda som driv veksten.

Annonse

Ser resultat av kostnadsgrep

Etter første tertial har Nortura set i gang tiltak knytt til å balansere kostnadsveksten til personal-, energi- og andre driftsrelaterte kostnader.

Nortura skriv av ein ser resultat av tiltaka mot slutten av perioden og at det er venta at dei positive effektane vil halde fram utover året.

Fleire varelinjer gir utfordringar

Breiare produktsortiment for å dekke ønsket frå daglegvarekundane om eksklusivt skal ha ført til lågare produktivitet, ifølgje Nortura.

Reduserte seriestorleikar har gitt høgare kostnader til omstilling av produktlinjer og meir svinn i verdikjeda.

- Kjedene ønsker meir og meir spesialiserte og differensierte produkt, noko som skapar ei utfordring for industristrukturen i Nortura. Vi har sett i verk fleire initiativ for å kunne levere konkurransedyktige konsept til kjedane, seier konsernsjef Arne Kristian Kolberg.

Han trekkjer fram at heile den industrielle strukturen til Nortura blir tilpassa for å vere konkurransedyktig opp mot endra etterspørsel.

Neste artikkel

Debatten var det tredje mest sette programmet tysdag: – Bra vi fekk sette landbruk på dagsorden