Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Strid om bransjestyrt reklame for usunn mat

Sjølvregulering skal hindre marknadsføring av usunn mat og drikke mot barn og unge. Bransjen er nøgd, men Forbrukarrådet vil heller ha lovforbod.

I går la helsestyresmaktene og matbransjen fram tiltaka som skal dempe marknadsføringa av usunn mat og drikke retta mot barn og unge. Forbodslinja er erstatta av ei sjølvreguleringsordning etter modell av Pressens faglige utvalg (PFU).

- I praksis blir det eit forbod mot marknadsføring at usunne varer retta mot barn opp til 13 år. For unge over 13 år skal bedriftene vere aktsame i marknadsføringa. Det blir oppretta eit eige sekretariat som skal ta imot klagar om brot på reglane og eit utval skal behandle klagane. Meiner utvalet at reglane er brotne, så blir det offentleggjort. Det vil svi langt meir for bedriftene enn ei eventuell bot, seier direktør for næringspolitikk Roald Gulbrandsen i NHO Mat og Drikke.

Utvalet som skal vurdere klagane vil ifølgje Gulbrandsen setjast i saman av alt frå uavhengige juristar til folk frå næringa og representantar frå allmennheten.

Forbrukarrådet skuffa

Medan matbransjen og tilsette i næringa er nøgde med sjølvjustisordninga, så seier Forbrukerrådet seg skuffa.

- Vi er svært skuffa over at regjeringa går for sjølvregulering, og at industrien får marknadsføre usunne produkt til barn heilt ned til 12 år. Tenåringar er i ein alder der eigne haldningar og åtferd blir etablert. Det utnyttar industrien til fulle, seier fagdirektør Gunstein Instefjord i Forbrukerrådet.

Han fryktar at offentleggjering av regelbrot vil ha liten effekt og at fordelen ved å halde fram marknadsføringa veg tyngre.

- Vi ville heller hatt det opphavlege forslag om lovregulert forbod. Ei aldersgrense på 15 år ville vore akseptabelt, men å tillate reklame mot barn ned mot 12 år er å gå alt for langt, seier han.

Støre: - Gamaldags å forby

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kallar reaksjonane frå Forbrukarrådet som gamaldagse.

- Eg synest Forbrukarrådet viser ei gamaldags haldning til feltet. Eg forsvarar bruk av lovar og reglar for å nå viktige samfunnsmål, men her går vi eit steg vidare og gir bransjen eit medansvar for å nå måla. Blind tiltru til forskrifter snevrar inn kva ein kan oppnå, seier Støre.

To års prøvetid

Sjølvjustis skal redusere marknadsføringa av usunn mat og drikke for å motverke fedme.

Annonse

Støre viser til at sukkerinnhaldet i norskproduserte leskedrikker går ned. Han håper samarbeid med næringa, i staden for lovregulering, kan bidra til å gjere maten sunnare.

- Vil sjølvreguleringa gi merkbar effekt?

- Alle kan sjå bransjen i korta framover. Blir reglane brotne er eg sikker på at mange vil ta det opp med bedriftene, seier Støre.

Han seier bransjen har gjort eit godt arbeid og vist vilje til å ta eit viktig samfunnsproblem på alvor. Støre gir to års prøvetid.

- Viss bedriftene ikkje respekterer reglane, så kan vi hente fram forskrifta frå skuffa på kort tid, seier Støre.

- Marknadsføringstrykket vil gå ned

Gulbrandsen seier han alt nå merkar å sjå ei haldningsendring blant bedriftene, og at samarbeid er langt betre enn forbod.

- Nå får bedriftene eit eigarskap til reglane og prosessen trur eg alt har gitt effekt. Folk vil merke at marknadsføringstrykket mot unge vil gå ned på desse varene, seier han og viser til at ordninga gjeld alt frå godteri, snacks og syltetøy til is og yoghurt.

Tillitsvalde for tilsette i matindustrien er nøgde med løysinga.

- Vi trur styresmaktene kan kom lenger med eit samarbeid og det er iallfall verdt eit forsøk. Det opphavlege forslaget om forbod kunne gjort det ulovleg å marknadsføre iskrem på Norway Cup. Det ville vere å gå alt for langt. Nå blir det opp til bransjen å vise at sjølvregulering kan fungere, seier forbundsleiar Jan-Egil Pedersen i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN).

Neste artikkel

Nesten 400 personer er nominerte til Årets unge bonde