Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Straumforbruket kraftig ned

Sidan 1993 har straumbruken i Noreg gått kraftig ned. Det syner ferske tal frå SSB.

Statistisk Sentralbyrå (SSB) har analysert tal for straumproduksjon, forbruk, import og eksport i perioden 1993-2009, og har funne ein markant nedgang i straumbruken i Noreg.

Det er fyrst og fremst i den kraftkrevjande industrien at straumbruken går drastisk ned. Industrien reduserte forbruket sitt med 25 % frå 397 MWh/mill.kr i 1993 til 294 MWh/mill.kr i 2007. Hovudårsaka til den kraftige nedgangen i straumbruk er bruk av ny teknologi i aluminiumsindustrien.

Men det er ikkje berre industrien som har redusert straumbruk. Også norske hushaldningar brukar mindre straum. Frå 1993 til 2009 har gjennomsnittsforbruket gått ned frå 18 000 KW/h til 16 000 KW/h. SSB peikar på ein auke i straumprisane og sparetiltak som t.d. betre isolasjon av nye bygningar som årsakar til at forbruket har gått ned.

Ifølgje SSB er årsaken til høgare straumprisar i Noreg at det var vore ein markant auke i prisar på kól, olje og gass på 2000-talet. Dette har ført til gode prisar og meir eksport av norsk vasskraft, som igjen har ført til høgare prisar i Noreg.

Annonse

I perioden 1993-2009 hadde Noreg ein nettoeksport av kraft på 50 TW/h, og nettoeksportør av kraft i 10 av 17 år. Sverige er den største importøren av norsk kraft.

Rapporten frå SSB kan lesast her:

http://www.ssb.no/emner/10/08/10/rapp_201102/

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale