Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stor motstand mot EU i ja-partiet Høgre

75 prosent ville stemt nei til EU ved ei folkerøysting. Sjøl i ja-partiet Høgre seier fleirtalet av veljarane nei til norsk EU-medlemskap.

74,8 prosent av befolkninga seier nei til norsk EU-medlemskap. Det syner den siste meiningsmålinga Sentio har gjort for Nationen og Klassekampen.

17,2 prosent ville stemt ja til EU, noko som er 2 prosentpoeng fleire enn ved førre måling.

- Det er det same biletet me har sett i fleire månader. Trenden kom som eit resultat av EU-krisa, og den er langt frå løyst, seier leiar Heming Olaussen i Nei til EU.

Nei-partiet Høgre

Høgre er eit av partia som har eit klart ja-standpunkt i EU-saka. Likevel seier 69 prosent av høgreveljarane at dei ville stemt nei til norsk EU-medlemskap. Det er 5 prosentpoeng fleire enn på EU-barometeret frå mars.

Stortingsrepresentant og leiar Nicolay Astrup i arbeidsutvalet til Høgre seier den økonomiske krisa i Europa er årsaka til den store motstanden.

Les også: EUs omdømme i fritt fall

- Høgre har eit klart standpunkt. Me står ved det prinsipielle, men me ser jo at medlemskap ikkje er ei aktuell problemstilling i dag, seier han.

Olaussen er overraska over den store motstanden mot EU i Høgre.

- Eg trur aldri eg har sett at nei-folket i Høgre kjem opp mot 70 prosent. Det syner at Høgre er eit parti som er på full kollisjonskurs med eigne veljarar, seier han.

- 17,2 prosent er for norsk EU-medlemskap. 74,8 er imot. 7,9 prosent svarar veit ikkje.

Annonse

EU-debatt i Venstre

Venstre er partiet som har flest EU-tilhengjarar. I målinga kjem det fram at 23 prosent av Venstre-veljarane ville stemt ja til EU. Det er ein nedgang på 11 prosentpoeng frå førre måling.

- Eg er ikkje overraska over tala. Motstanden blir forsterka av krisa i Europa, samstundes som ingen ja-parti torer å løfte debatten på grunn av situasjonen i Europa og slike meiningsmålingar, seier leiar Guri Melby i programkomiteen til Venstre.

Les også: Desse sakene kan EU tvinge Noreg til å forhandle om

Melby etterlyser meir debatt om både EU og EØS. Ho seier nordmenn må slutte å tru forholdet mellom Noreg og Europa er gitt for evig og alltid.

- EU er eit naturleg spørsmål å avklare i partiet. Det viktigaste for Venstre er at folket skal få seie kva dei meiner gjennom ei folkerøysting, seier Melby.

Melby er EU-tilhengjar, men vedgår at no ikkje tidspunktet å tenkje på norsk medlemskap. Ho seier likevel det er synd at spørsmålet ikkje kjem på dagsorden.

- Det må vere lov å diskutere forholdet mellom Noreg og Europa. Det vil vere ein fordel for Noreg om EU hadde blitt meir debattert. Det vil gjere oss betre budd om medlemskap skulle bli aktuelt i framtida, seier Melby.

Neste artikkel

Fylkesleiar i Bondelaget vil ha tydelegare signal frå Arbeidarpartiet om inntektsgapet