Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Steensnæs skal leie forskingsfusjon

Tidlegare stortingsrepresentant Einar Steensnæs (KrF) skal leie interimsstyret for fusjon av Bioforsk, Skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking.

Einar Steensnæs (KrF) skal leie interimsstyret for fusjon av Bioforsk, Skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Foto: Eva Aalberg Undheim
Einar Steensnæs (KrF) skal leie interimsstyret for fusjon av Bioforsk, Skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Foto: Eva Aalberg Undheim

Regjeringa vedtok i juni å slå saman dei tre institutta frå 1. juli neste år. Det nye instituttet skal vere eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter og ha eige styre. Det skal ha hovudkontor på Ås med avdelingskontor i Oslo og regionale einingar. Interimsstyret blir oppretta for å førebu fusjonen, heiter det i ei pressemelding frå Landbruks- og matdepartementet.

Interimsstyret har også representantar frå dei tre opphavlege institutta, arbeidstakarorganisasjonane og landbruksorganisasjonane.

Annonse

– Det er viktig med god kommunikasjon og involvering av dei tilsette i institutta i fusjonsprosessen. Dei tilsette representerer den fremste ressursen i arbeidet med å lykkast. Eg meiner vi no har sett saman eit godt interimsstyre som har gode føresetnader for å greie denne oppgåva, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i ein kommentar.

Neste artikkel

Strid om styrka tollvern: Høgre og Frp spår auka grensehandel