Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Statskog sel 20 nye eigedommar

I fjor begynte Statskog å selje spreidde skogeigedommar for å effektivisere skogsdrifta. No er 20 nye eigedommar lagt ut for sal.

I 2011 vart 42 eigedommar selt. Ifølgje Landbruks- og matdepartementet representerer sala eit unikt høve til å styrkje næringsgrunnlaget for skogeigarar her i landet.

Les også: Privat skog til staten

Dei 20 eigedommane som no er lagt ut for sal ligg i ni fylke, mellom anna Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Statskog vil leggje ut 30 nye eigedommar 29. september. Og i perioden 2013 - 2017 kjem det fleire. Alle eigedommane vil bli annonsert.

Annonse

Les også: Senterpartiet lar Statskog vokse

I utgangspunktet sel Statskog til høgstbydande, men dei tek atterhald om retten til å forkaste bod. (©NPK)

Neste artikkel

Norsk skognæring kan få klimakrav fra EU