Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Staten og fire fylke kranglar framleis om fiskerihamner

Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark nektar å ta over 300 hamner. Fylka meiner det følgjer altfor lite pengar med ansvaret.

Tove-Lise Torve, fylkesordførar Møre og Romsdal, er ikkje nøgd med tilbodet frå departementet. Foto: Anne Sigrid Hundere / NPK
Tove-Lise Torve, fylkesordførar Møre og Romsdal, er ikkje nøgd med tilbodet frå departementet. Foto: Anne Sigrid Hundere / NPK

Den 1. januar vart 158 fiskerihamner sør for Møre og Romsdal ført over frå staten til fylka, men nordover langs kysten har ikkje fylka signert avtalen med staten, skriv VG.

– Vilkåra er for dårlege. Det er altfor mykje er uavklart. Det ligg 50 millionar til Troms og Finnmark, som er eit særs fiskeriavhengig fylke med ei veldig lang kyststripe, seier fylkesråd for samferdsel Kristina Hansen i Troms og Finnmark.

Ho peikar på at summen er for liten til å halde ved like, modernisere og bygge ut hamnene. Onsdag møttest fylka hos samferdselsdepartementet i Oslo.

Annonse

Der fekk fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) i Møre og Romsdal beskjed om at det blir løyvd 10 millionar til dei 62 hamnene i fylket. Torve kallar det «ei hån mot Kyst-Noreg».

– Det er ein dramatisk beskjed. Det har eigentleg ikkje sokke heilt inn enno kor alvorleg dette er. Vi har analysar som seier at vi har etterslep som er over 100 millionar berre på vedlikehald. Så vi er litt sett ut, seier ho til avisa.

Trøndelag fekk ifølgje VG presentert 10 millionar til 66 hamner.

Statssekretær Ingvild Ofte Arntsen skriv i ein e-post at det er løyvd omtrent 155 millionar som blir overførte når avtalane blir inngått og at departementet håper å komme fram til ein avtale med fylka.

Neste artikkel

Mobilt slakteri skal få høna tilbake på middagsbordet