Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Splid om kamp mot EØS på landsmøte i Nei til EU

Landsmøtet i Nei til EU diskuterer skjerping av kampen for å seie opp EØS-avtalen. Det skremmer fleire internt.

Nei til EU held i helga landsmøte på Hamar. Laurdag var det høg temperatur kring spørsmålet om kor høgt på banen organisasjonen skal gå i kampen mot EØS-avtalen det komande året.

Rådet i Nei til EU har fremja forslag om at landsmøtet skal krevje oppseiing av EØS-avtalen og frå talarstolen på landsmøtet ønskjer fleire å krevje folkerøysting om avtalen det komande året. Det er signal som skremmer fleire, ikkje minst EØS-tilhengjarane frå Ap og KrF, men også EØS-kritikarar i fagrørsla og i Norges Bondelag.

Åtvaringar frå KrFMona Høvset, som er rådsmedlem i Nei til EU og kommunikasjonssjef i KrF, åtvarar mot å gå for hardt ut mot EØS-avtalen.

- Det er ikkje til å kome vekk frå at ein del av oss som er tilhengjarar av EØS-avtalen kjenner at det er stadig meir utfordrande ettersom Nei til EU har gått ganske mange steg lengre i å verte ein kampanjeorganisasjon mot EØS-avtale, sa ho frå talarstolen.

Les også: Olaussen åtvarer mot hastverk i EØS-kampen

Høvset bad landsmøtet unngå å verte ein kampanjeorganisasjon mot avtalen og oppmoda om å bevare den breie politiske alliansen bak organisasjoenn.

- Sjølv om mange av oss er EØS-tilhengjarane, så har vi levd godt med at organisasjonen i seg sjølv ønskjer å seie opp EØS-avtalen. Det har vore rom for oss og det håpar eg det framleis skal vere, sa ho.

Ap-representantar trekkjer på grunn av EØS-motstandRådsmedlem Amund Vik og styremedlemmene Jo Stein Moen og Torunn Kanutte Husvik, som alle representerer Ap i Nei til EU, er også svært kritiske til den aukande vektlegginga av EØS-motstand i organisasjonen. Det er også del av årsaka til at dei tre trekkjer seg ut frå rådet og styret i organisasjonen under landsmøtet.

- Dess lenger Nei til EU trekkjer strikken i motstanden av EØS, dess vanskelegare er det for dei som er EØS-tilhengjarar å vere aktive. Eg går ut av styre og stell no fordi eg synest det har vorte problematisk, seier Amund Vik til Nationen.

Les også: Nei til EU med eigen fredsmarkering

Vik, som jobbar som rådgjevar for Ap si stortingsgruppe, fremja laurdag forslag om at landsmøtet formelt skal vedta ei forsikring om at Nei til EU skal respektere tillitsvalte og medlemmar som er for EØS-avtalen. Forslaget kom som følgje av ein oppheta debatt i landsmøtesalen fredag kveld om kor vidt styremedlem i Nei til EU skal forplikte seg til EØS-motstand eller ikkje.

Seier EU-kampen ikkje er dødVik vil også ha inn i arbeidsplanen for 2013 at hovudmålsetnaden til Nei til EU framleis skal vere å hindre at Noreg vert medlem av EU.

Avtroppande styremedlem Jo Stein Moen åtvara landsmøtet mot å tru at EU-kampen er vunnen ein gong for alle.

- Det vert snakka om EØS som den nye EU debatten, og at den gamle er død. Nei, det er ingen ny EU-kamp. Vi har hatt EU-kamp to gonger, og vi skal sikkert ha ein tredje, sa Moen.

Les også: Flaum av nye medlemer til Nei til EU etter fredsprisutdelinga

Han både oppmoda og formana landsmøtet om måtehald i EØS-motstanden og argumenterte for å halde Nei til EU samla.

- For kvart landsmøte så aukar strekken i laget, og vi som utgjer forsvar eller baktroppen, vi er i stadig større grad på etterskot. Eg meiner Nei til EU bør ha ein best mogleg samla organisasjon, sa Moen.

Avtroppande styremedlem Torunn Husvik synte til at støtta til EØS-avtalen har auka sidan Nei til EU starta med meiningsmålingar og større vektlegging av EØS, og stilte store spørsmål ved krava om ei snarleg folkerøysting.

- Når dei tillitsvalte og tilsette frå Ap og KrF som er her verken vert overtydde eller engasjerte av EØS-motstanden, korleis skal Nei til EU då få eit fleirtal for ei folkerøysting, spurte ho.

Annonse

Les også: Støtten til EØS-avtalen øker - Folkerøysting no er gamblingVik trur ei folkerøysting om EØS-avtalen no kan få uønskte konsekvensar, og synte til at Nei til EU ikkje har kontroll over spørsmålsformuleringa i ei eventuell folkerøysting.

- Det må vere ja-sidas drømmescenario å få ei folkerøysting med dei tre alternativa EØS-avtale, handelsavtale eller EU. Då har dei delt EU-motstanden i to og det er ein realistisk sjanse for at vi kan røyste for å gå med i EU. Forslaga om å gå for ei folkerøysting no er ei gambling med det langsiktige målet til Nei til EU, som er å halde Noreg utanfor EU, seier Vik.

Leiar Heming Olaussen åtvara også mot hastverk i sin opningstale til landsmøtet fredag.

- Eg meiner Nei til EU ikkje må omdannast til ein rein kamporganisasjon for å gå ut av EØS. Det er for tidleg å snakke om folkerøysting om EØS-avtalen no. Vi rår ikkje over føresetnadane, sa han fredag, og synte til at det politiske miljøet, fleirtalet av partia og fleirtalet på Stortinget held urokkeleg fast ved EØS-avtalen.

- Situasjonen kjem neppe igjenArne Byrkjeflot, som er leiar i Trondheim LO og står sentralt i kampen mot EØS-avtalen i fagrørsla, er blant dei som meiner organisasjonen må intensivere kampen mot EØS-avtalen.

Han sa til landsmøtet at timinga for å mobilisere mot avtalen aldri har vore betre enn no. Han trekte fram Alternativrapporten og stortingsmeldinga om EØS som begge er langt fram det siste året.

- Vi har ein situasjon no vi neppe få igjen, sa han og synte til at mobilisering mot EØS-avtalen er det "makta no fryktar mest".

- No er det faktisk ein kampanje sett i gang for å stoppe motstanden mot EØS-avtalen. For fyrste gong mobiliserer Ap spesielt, men også NHO og Dagens Næringsliv. For fyrste gong er det open strid om EØS-avtalen, sa han.

Les også: Ap-topper skal snu EØS-skepsis i LO

Byrkjeflot argumenterte for at Nei til EU spelar ei nøkkelrolle for kva som skjer framover.

- Det her er situasjonen vi er i og det er no vi må setje inn støyten, sa han.

Fagrørsla og Bondelaget ber om varsemdFor EØS-motstandarane i fagrørsla er det knytt stor spenning til kva LO-kongressen til våren landar på i spørsmålet om EØS-avtalen.

Terje Fjellum, som sit i forbundsstyret i Fellesforbundet, er langt frå samd med Byrkjeflot og bad landsmøtet i Nei til EU om å gå varsamt fram.

- Vi treng ikkje ein tupp bak av Nei til EU for å gjere jobben vår. Vi treng tid, var den klare meldinga frå Fjellum.

Les også: EØS-motstanden aukar på grasrota i LO

Jon Trøite frå Norges Bondelag ser det heller ikkje som nokon god ide å køyre for hardt på mot EØS-avtalen. Han ser det heller ikkje som realistisk å få ei folkeavrøysting om EØS-avtalen dei komande åra og landsmøtet i Nei til EU om å konsentrere seg om kampen mot norsk EU-medlemskap fram mot stortingsvalet.

- Det finst meiningsmålingar innfor stortingsvalet neste år som tyder på at vi kan få eit Storting som nesten ikkje inneheld nei-parti, sa han.

- Ei vektlegging av sjølve EU-spørsmålet i valkampen kan hjelpe dei partia som eg vil tru dei aller fleste her i salen har sympati med. Vi må ikkje gløyme den biten oppi ei intern usemje om farten i EØS-arbeidet og korleis vi skal verte kvitt EØS-avtalen, sa Trøite.

Neste artikkel

Senterungdomen vil kutte EØS-midlane: – Usosialt og usolidarisk