Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Spire overleverte tusen underskrifter mot jordran til Solheim

Med krav til Erik Solheim om at Noreg må hjelpe bønder i fattige land.

Utviklingsfondets ungdomsorganisasjon, Spire, overleverte over tusen underskrifter og fleire krav til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV) utanfor Utenriksdepartementet i Oslo fredag.

Målet er å stoppe jordran, også kalla landgrabbing, i fattige land.

Krev stopp av import frå rana jord

- Fattige bønder mister tilgangen til jordressursane og dermed livsgrunnlaget, og vi ser ei utvikling der meir og meir jord kjem i hendene til rike investorar. Denne utviklinga må stoppast, sa politisk nestleiar Brita Brekke i Spire, før ho overleverte krava til Solheim.

Spire, som er ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet, krev blant anna at Norge må stoppe all import av råvarer frå rana jord.

Vil ha samarbeid om kontroll

Samtidig meiner organisasjonen Norge må ta initiativ til internasjonalt samarbeid for å kontrollere investeringsavtalar i jordbrukssektoren, og sørgje for at norske investeringar aldri går ut over sikker matforsyning eller folks medbestemmelsesrett i andre land.

Fleire andre organisasjonar stiller seg bak aksjonen til Spire, deriblant Natur og Ungdom, Regnskogsfondet, Utviklingsfondet og Miljøpartiet De Grønne.

- Fattige bønder må høyrast

Solheim takka for engasjementet og sa seg i stor grad einig.

Annonse

- Når jord blir kjøpt opp må det vere med full informasjon og aksept frå dei involverte. Fattige bønder må høyrast. Ikkje overkøyrast, slik som ofte kan skje i dag, sa Solheim.

Han sa at utfordringa ofte er at utviklingslanda har sterke ønske om å tiltrekkje seg investeringar, men at det kan vere vanskeleg å skilje mellom kva gode og dårlege bidrag.

Krev biokutt

Sist veke skreiv Nationen at Spire krev kutt i norske myndigheters mål om bruk av biodrivstoff.

Årsaken er at økt bruk av biodrivstoff fører til landgrabbing og mindre matproduksjonen i fattige u-land.

Bondeorganisasjonanene støtter kravet.

Neste artikkel

– Arbeidsminister, vær så snill å ikke kjør oss i grøfta