Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Spire krev kutt i bio-måla

Auka bruk av biodrivstoff rammar fattige bønder i u-land, meiner miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire.

Dei krev at regjeringa reduserer innblandingsmålet.Store jordbruksområde i Afrika blir kjøpt opp av utanlandske selskap for å dyrke vekster til biodrivstoff, viser nye rapportar.

Omfanget av såkalla «landgrabbing» har eksplodert dei siste åra i takt med vestlege lands krav om meir biodrivstoff, og Nationen omtalte i går miljøorganisasjonen Friends of the Earths krav om at EU må redusere måla av omsyn til småbønder i utviklingsland. Miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire støtter kravet, og meiner norske styresmakter også må redusere måla om meir biodrivstoff.

Rammar fattige- Utviklinga er både alvorleg og trist, og vi kan ikkje akseptere at vårt ønske om å leve klimavenleg rammar fattige menneske i Afrika. Regjeringa er nøydd til å revurdere politikken og i det minste utsetje kravet om å auke innblandinga av biodrivstoff, seier leiar Christian Bull i Spire, som er Utviklingsfondets ungdomsorganisasjon.

I dag er i overkant av 3,5 prosent av alt drivstoff som blir selt her i landet basert på bioråvarer, og store delar kjem frå planteprodukt som blir dyrka på jordbruksjord. Regjeringa har lenge hatt som mål å auke innblandinga av bioråvarer i drivstoffet for å redusere klimautsleppa, og i haust la Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) fram eit forslag om å auka bioinnblandinga til fem prosent samla i alt drivstoff innan 1. juli neste år. Miljøvernminister Erik Solheim (SV) har seinare uttalt at han vil framskunde kravet til å gjelde frå 1. januar.

Slike krav som aukar forbruket og etterspørselen etter biodrivstoff er svært uheldig, meiner miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire.- Konsekvensen er at selskap som vil dyrke råstoff til biodrivstoff tek over store jordareal i u-land, og rapportane viser at bønder mister tilgangen til ressursane dei er avhengige av for å overleve. Biodrivstoff er ekstremt arealkrevjande, og med dagens produksjonsteknikkar kan vi ikkje halde fram med å skru opp forbruket utan at det får store konsekvensar, seier Bull.

Heller produksjonsstøtte

Dersom ein likevel vil stimulere til meir biodrivstoff meiner Bull det er langt betre å støtte produksjon av biodrivstoff innanlands, enn å stimulere forbruket. Ved å stimulere forbruket vil bioråvarene bli dyrka der det er billigast, noko som ofte vil føre til at matproduksjonen i fattige land blir fortrengt.

- Det er langt betre å støtte dyrking og produksjon av biodrivstoff, enn forbruk. Det vil gi langt større kontroll med måten produksjonen skjer på og ein kan lettare dempe dei uheldige sidene slike aktivitetar kan ha, seier Bull.

- Mat er ikkje vurdert

Annonse

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vedgår at matsituasjonen i verda eller konsekvensen for fattige bønder ikkje er vurdert i samband med forslaget om å auke bruken av bioråvarer i drivstoffet.

- Nei, vi har ikkje vurdert kva følgjene kan bli for matproduksjonen i u-land, men det blir vurdert av EU. Då biodrivstoff første gong var til vurdering for nokre år sidan vart auka bruk derimot vurdert opp mot matvareprisane. Konklusjonen då var at det er ein samanheng, men at den ikkje er kraftig, seier seniorrådgivar Roar Gammelsæter i Klif.

Forslaget om auka innblanding er ein konsekvens av to EU-direktiv. EU skal også innføre berekraftskriterier for biodrivstoff som Klif også føreslår å innføre, men dei er heller ikkje knytt opp til fortrenging av matproduksjon.

- Berekraftkriteria til EU går på at biodrivstoffet skal gi reelle CO2-kutt, og at det ikkje skal gå ut over det biologiske mangfaldet eller redusere karbonlager, seier Gammelsæter.

Mesteparten av råvarene til biodrivstoffet skal ifølgje Gammelsæter kome frå Europa, og ikkje frå Afrika.

- Men krava fører til auka etterspørsel som gir storstilte jordoppkjøp i Afrika?

- Vi er klar over problemstillinga. EU vurderer nå spørsmålet, og vi vil avvente til EU har konkludert, seier han.

Neste artikkel

SV vil prioritere å tette inntektsgapet i eventuelle forhandlinger