Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slik vil Småbrukarlaget gjera meir husdyrgjødsel til biogass

Tilrådingane frå Småbrukarlaget er klare.

Leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Siri Juell Rasmussen
Leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Siri Juell Rasmussen

Som ein del av Jordbruksoppgjeret 2019 og klimaavtalen bondeorganisasjonane då inngjekk med regjeringa, var mellom anna auka produksjon av biogass frå husdyrgjødsel.

Det blei sett ned ei arbeidsgruppe som fram mot vårens oppgjer skulle sjå nærmare på korleis eksisterande og nye verkemiddel kan innrettast for å auke utnyttinga av husdyrgjødsel til biogassproduksjon og samstundes bidra til størst mogleg klima- og miljønytte. Denne arbeidsgruppa, som har bestått av representantar frå ulike organisasjonar, medrekna Norsk Bonde- og Småbrukarlag, har i dag lagt fram anbefalingane sine til jordbruksavtalepartane, skriv Småbrukarlaget i ei pressemelding.

– Klimautfordringane gjer at alle relevante tiltak for å redusere utsleppet av klimagassar, også frå jordbruket, må vurderast, seier leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Må stimulere til auka bruk

Bruk av husdyrgjødsel i biogassproduksjon kan bidra til reduserte utslepp av metan og lystgass frå gjødsellager. Biogassen som produserast vil kunne erstatte fossil energi, og bioresten kan erstatte og redusere bruken av mineralgjødsel og dermed bidra til tilbakeføring av næringsstoff i krinsløpet.

Annonse

Arbeidsgruppa tilrår mellom anna at prosjektsøknadar om investeringsmidlar til Innovasjon Norge og Enova, for å stimulere til oppstart, drift og utviding av kapasitet i biogassanlegg skal bli vurderte med omsyn til klimanytte.

Det blir også peika på at satsane for tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg (i jordbruksavtala) burde aukast til eit nivå som stimulerer til auka bruk.

Viktige innspel

Arbeidsgruppa tilrår at det blir fastsett ein 10-årsgaranti for ordninga fram mot 2030.

I tillegg ønskjer dei at det skal stillast krav om dekke på biorestlageret og miljøvenleg spreiing av biorest ved mottak og bruk, samt at kunnskapsutvikling og kompetanse på bruken av husdyrgjødsel i biogassproduksjon må hevast.

– Eg registrerer at arbeidsgruppa tilrår endringar i ulike verkemiddel som skal bidra til auka produksjon av biogass frå husdyrgjødsel, seier Hoff.

– Arbeidsgruppas rapport er eit viktig innspel til dei vurderingane som avtalepartane skal gjera i samband med årets jordbruksforhandlingar, avsluttar Hoff.

Neste artikkel

Staten kan ta over nedleggingstruede Widerøe-flyginger