Torskesektoren har hatt dårleg lønsemd dei siste åra. I eit nytt stort forskingsprogram skal Nofima undersøkje rammevilkåra og korleis desse påverkar lønsemda.Torsk er den viktigaste kvitfiskarten som blir eksportert frå Noreg. Sjølv om norsk fiskeeksport har sett stadig nye rekordar dei siste åra, har torskesektoren slite. Trass i at 2010 var eit oppløftande år, var eksportprisen på torskeprodukta nesten 10 prosent lågare enn dei var i 2000.No satsar Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF) på eit stort forskingsprogram i regi av Nofima for å finne ut kvifor sektoren slit og korleis han skal kome ut av uføret.
LES OGSÅ: Norsk fiske verdt over 13 milliarder kroner
Programmet, som skal gå ut 2015, skal dessutan bidra til å byggje opp eit sterkt samfunnsvitskapeleg forskingsmiljø med fokus på fiskeri- og havbruksnæringa.
LES OGSÅ: Rekordhøy eksportverdi av norsk sjømat
Ramma for programmet er på 22 millionar kroner. (©NPK)