Det er kommunane Frøya, Hitra, Snillfjord, Hemne, Aure, Smøla og Halsa som skal diskutere om dei skal bli ein stor kystkommune.
– Vi reknar med at fleire småkommunar må forvente å bli slått saman med andre kommunar. Derfor har Hemne kommune tatt initiativ til at vi sju møtest for å drøfte moglegheita for samanslåing. På den måten vil vi sjølv ha kontroll, seier ordførar Berit Flåmo (Ap) i Frøya til Fiskeribladet Fiskaren.
Om dei sju små kystkommunane skulle slå seg saman, vil dei bli Noregs største kystkommune. Kva for fortrinn storleiken eventuelt vi gi dei synest Flåmo det er vanskeleg å svare på så tidleg i prosessen.
Kommunane fordeler seg på Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, men Flåmo seier det ikkje skal vere noko hindring at dei ligg i forskjellige fylke. Det same har også regjeringa signalisert.
Sjølv om ei samanslåing vil gjere dei til ein stor kommune i areal, tel dei til saman berre 22.000 innbyggjarar.