Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sitka veks dobbelt så fort som vanlig gran

Ny forsking syner at vekstvilkåra for sitkagran er ideelle langs vestlandskysten. Medan somme meiner treet har stort potensial, er det mest til irritasjon for andre.

Feltforsøk i kyststrok viser at sitka veks dobbelt så raskt som vanleg gran. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Feltforsøk i kyststrok viser at sitka veks dobbelt så raskt som vanleg gran. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Sitkagrana er ein småtærande vekst, og tåler vind og havsalt godt. Det var mellom årsakene til at grana, som opphavleg høyrer heime langs vestkysten av USA og Canada, vart planta i stort monn i Noreg mellom 1950 og 1980.

Ho viste seg å stortrivast, også langs vestkysten vår. Akkurat kor godt ho har det, har det no vorte forska på.

Veks raskast av alt

– På tilsvarande veksestader i kyststrok viser feltforsøk at sitka veks meir enn tre til fem gonger raskare enn bjørk og dobbelt så raskt som vanleg gran, seier forskar Kjell Andreassen ved Norsk institutt for skog og landskap til Forskning.no.

Han fortel at medan treet veks med 12– 15 kubikkmeter per hektar kvart år i Nord-Noreg, er tilsvarande tal for vestlandskysten 20 kubikkmeter per hektar. Det er opptil dobbelt så mykje som vanleg gran veks.

Annonse

Langs vestlandskysten har irritasjonen over sitkagrana vakse omtrent like fort som sjølve treet, og i dag må ein søkja Fylkesmannen om lov til å for å planta ho.

Stort potensial

Andreassen påpeikar potensialet som ligg i den rasktveksande sitkagrana, både når det gjeld kommersielt skogbruk, og når det gjeld miljøvern.

– Rundt halvparten av veden i stammen er karbon. Så dette er noko som verkeleg kan monna i den norske karbon-rekneskapen for å bidra til meir binding enn utslepp av fossilt karbon, seier han til nettstaden.

Neste artikkel

Bønder betaler millionbeløp – men forskningsanlegget er ikke i drift