Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Set ned tollen for å sikra nok storfekjøt

Forventa mangel på storfekjøt gjer at tollen på storfekjøt blir sett ned frå 26. februar.

Tollen på heile og halve slakt av storfe blir sett ned til 17,00 per kg fra 26. februar til 12. mars 2018. Foto: Colourbox
Tollen på heile og halve slakt av storfe blir sett ned til 17,00 per kg fra 26. februar til 12. mars 2018. Foto: Colourbox

Den nedsette tollen skal gjera det lettare å importera storfekjøt frå utlandet, skriv Landbruksdirektoratet i ei pressemelding.

Sidan 28. august i fjor har det vore vanleg toll på importert storfekjøt. Men Landbruksdirektoratet ventar no ei underdekning, samtidig som det ligg an til at reguleringslageret er tomt.

I første omgang blir tollen berre sett ned frå 26. februar til 12. mars. Grunnen er at det er usikkert kor stor tilførselen av norsk storfekjøt blir etter 1. mars.

Annonse

©NPK

Neste artikkel

Millionsmell for Tine etter feilrapportering