Kva regjeringa kjem fram til, får vi ikkje vite før revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram. Dermed var det først og fremst skattekutt Sanner forsvarte då Ap og SV stilte spørsmål om skattekutt, skule og helse i spørjetimen i Stortinget onsdag.
– Vi må skape meir, ikkje skatte meir, dersom vi skal sørgje for utvikling av velferdssamfunnet i tiåra som kjem, sa Sanner.
Han la til at oljeprisfallet gjer det endå viktigare å sikre arbeidsplassane. Det gjer regjeringa ved å satse på infrastruktur, vekstfremjande skattelettar og forsking.
– Det er eit veldig rart argument at sidan vi no har ein krevjande situasjon, så skal den største satsinga i statsbudsjettet vere skattelette som gir meir til dei aller rikaste, var reaksjonen frå Trond Giske (Ap).
Han viste til at finansministeren ikkje har kunne svare på kva det er med skattelette som fremjar vekst.
– Av over 9 milliardar i skattekutt gjekk halvparten til dei rikaste, medan vanlege folk fekk ein femtiøring per dag. No høyrer vi om mange kommunar som melder om nedskjeringar og kutt, sa Giske.