Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rovviltnemndene fekk siste ord med miljøvernminister Solheim

Rovviltnemndene møtte miljøvernminister Erik Solheim (SV) for samtalar om oppfølginga av rovviltforliket torsdag - Mitt siste møte som statsråd, sa Solheim då han opna møtet.

Rovviltnemndene sat torsdag føremiddag i møte med miljøvernminister Erik Solheim (SV) for å diskutere oppfølginga av rovviltforliket på Stortinget. Møtet var initiert av Solheim sjølv, etter dei krasse reaksjonane som oppstod i kjølvatnet av at Miljøverndepartementet i slutten av januar vedtok å redusere gaupekvotane i tre rovviltregionar.

Torsdag var det klart at møtet med rovviltnemndene vert det siste møtet Solheim har som statsråd.

Les også: Solheim går ut av regjering.

- Dette vert det siste møtet eg skal ha som statsråd, sa Solheim då han opna møtet med rovviltnemndene.

Solheim kom til møtet frå den britiske ambassaden, der han like før hadde møtt prins Charles, som er på norgegsbesøk. Den avtroppande statsråden spøkte med at han dei to siste møta hans illustrerer spriket i saksfelt han har hatt ansvar for dei siste åra.

- Det var eit veldig hyggeleg møte med prins Charles. Eg vil tru det vert like bra her, sa Solheim.

Rovviltnemdnene vil gje Solheim både ris og ros

Dei åtte rovviltnemndene som møtte Solheim torsdag har førebudd seg godt. Det sa Kåre Gunnar Fløystad (Sp) som er nestleiar i rovviltnemnda for Telemark, Aust-Agder, Vestfold og Buskerud, før han gjekk inn på møtet.

- Hovudtemaet vi vil diskutere med den politiske leiinga i Miljøverndepartementet er gaupekvotane, og den overstyringa av nemndene som vi opplevde der. Vi meiner det står i stor kontrast til rovviltforliket, som innleiingsvis slår fast at den regionale styresmakta i rovviltforvaltinga skal styrkjast, seier Fløystad.

Har fleire punkt å ta opp

Rovviltnemndene er ikkje åleine om å ha reagert på vedtaket frå Miljøverndepartementet om å overstyre dei regionale rovviltnemndene.

Les også: Rovdyrforliket: Full krangel om gaupe i regjeringen

Annonse

Måndag denne veka møtte Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Sau og Geit miljøvernministeren i same ærend som rovviltnemndene har i dag. Dei var i etterkant av møtet nøgde med signala Solheim gav om avgjerdsmakt på regionalt plan.

Fløystad held fram at rovviltnemndene har fleire punkt dei vil ta opp med Solheim, og at han ser det som viktig også å gje ros til Solheim.

- For regionen eg kjem frå er det viktig å gje ros for handteringa av bjørnefellinga førre veke. Der gjekk det berre eit døgn får bjørnen i Telemark vart observert og til Statens naturoppsyns lønna folk hadde teke ut dyret. Det var forbiletleg handtert, og det er viktig å gje tilbakemelding om både det positive og det negative, seier Fløystad.

Blant dei andre tinga rovviltnemndene vil ta opp er formidlinga av vedtak og vilkåra for å ta ut freda rovvilt før skade.

- Eg har fått melding om at det er viktig vi tek opp korleis departementet formidlar vedtak, handterer usemje og har dialog. Denne meldinga kjem ikkje så overraskande frå rovviltregion sju, i Nordland, seier Fløystad.

Les også: Opposisjonsparti, Bondelaget og rovviltnemnd rasar etter ny overstyring om fellingstal for gaupe.

- Solheim har også i eit lesarinnlegg sagt noko om vilkåra for å ta ut freda rovvilt før det oppstår skade. Vi ser det som vesentleg å diskutere kva som skal til for å dokumentere skadepotensialet, seier Fløystad.

Les også: Rovviltforliket: Her er heile teksten

Les meir i Nationens eavis fredag 23. mars.

Neste artikkel

– Dette er ikkje haldbart for oss som driv med frilandshøns som næring