Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rovdyraksjon møtt med motdemonstrasjon

NOAH stilte med ulvemasker.

Dei mange hundre tilreisande som demonstrerte mot stor rovdyrbestand blei møtt med ulvemasker av NOAH.

Ulvemasker

Ifølge NTB stilte 18 medlemer i dyrevernorganisasjonen NOAH på eit hjørne av Karl Johan iført ulvemasker.

Dei vil ikkje talfeste eit mål for rovdyrbestanden.

NOAH: - Naturfiendtleg haldning

- Vår hovudbodskap står fast uavhengig om det er 10 eller 100 ulver i Norge. Det vi treng er ei mindre naturfiendtleg haldning, seier Siri Martinsen, som meiner norsk rovdyrforvaltning er for prega av telling, kontroll og avliving.

Annonse

Dei mange saue- og reinbøndene som demonstrerte får også kritikk av Unge Venstre.

Kritikk frå Unge Venstre

Leiar Sveinung Rotevatn i Unge Venstre skriv i ein epost til Nationen at han reagerer sterkt på bodskapen til demonstrantane.

- Vi meiner tvert om at Norge burde ta ansvar og sørgje for at fleire rovdyrstammar kan etablere seg. Dei norske rovdyrstammane, særleg ulvestammen, er allereie på eit kritisk lågt nivå. Vi fryktar kva som kjem til å skje når saka no kjem til Stortinget, skriv Rotevatn.

Neste artikkel

Rovdyrforliket ligger fast for regjeringa – vil effektivisere skyting av rovdyr