Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordsommar for turistnæringa

Etter rekordsommaren i fjor kan reiselivsnæringa ende ein gong melde om ein svært god sommarsesong med 5 prosent auke i talet på overnattingar.

Talet på utanlandske turistar som kjem til Noreg, har auka i sommar. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
Talet på utanlandske turistar som kjem til Noreg, har auka i sommar. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Dermed er det ny rekord.

Ifølgje Innovasjon Noreg har talet på kommersielle gjestedøgn vakse med totalt 9 prosent dei siste to åra.

Til saman var det 12,6 millionar gjestedøgn ved dei kommersielle overnattingsstadene i sommarmånadene mai til juli i år.

Spesielt er veksten stor i talet på utanlandske gjestedøgn. Veksten er på 10 prosent frå same perioden i fjor.

Annonse

Dei to siste åra har Noreg opplevd ein auke i overnattingsgjester frå utlandet på 19 prosent.

– Ein aukande interesse for Noreg kombinert med gode flysamband til Noreg, ei næring som tilbyr gode produkt godt hjelpt av ei svak norsk krone har gjort det enklare for utlendingar å velje Norge, seier direktør Cathrine Pia Lund i Merkevara Noreg i Innovasjon Noreg. (©NPK)

Neste artikkel

Forsinket levering av nytt hurtigruteskip – flere tusen passasjerer rammes