Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordmåling for Høgre, botnnotering for SV

Høgre har 30,6 prosent oppslutning på Nationens oktobermåling. Berre to gonger har partiet hatt høgare oppslutnad ved eit stortingsval - i 1924 og 1981. SV ligg under sperregrensa.

Høgre er i ferd med å ta att Ap som Noregs største parti. Det syner målinga Norfakta har gjennomført for Nationen og Klassekampen.

Frp fell kraftig, medan SV er under sperregrensa for fyrste gong på Norfakta-målingane.

Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner meiner tala er svært gledelege, og at dei tyder på at veljarane ønskjer regjeringsskifte.

- Eg er overtydd om at vi vinn fram fordi vi er eit samarbeidsparti og framstår som eit trygt parti i ei uroleg tid, seier han.

Med ein framgang på 5,1 prosentpoeng frå førre månad, og 13,4 prosentpoeng frå førre stortingsval, gjer Høgre si beste Norfakta-måling nokon gong.

Like høgt hjå både kjøn

Annonse

Skulle målinga gje seg utslag i røyster ved stortingsval, ville Høgre gjere sitt tredje beste val i historia. Berre i 1924 og i 1981 har partiet hatt eit valresultat som er høgare enn 30,6 prosent.

Bakgrunnstala syner at Høgre scorar like høgt blant menn som blant kvinner, i alle aldersgrupper og i alle delar av landet. Høgre er også partiet med dei mest lojale veljarane, og trekk nye veljarar frå alle andre parti utanom Raudt.

Les meir om denne saka i eavisa til Nationen. Den kan kjøpast her.

Dårlegast ut av oktobermålinga kjem SV. Dersom det hadde vore stortingsval i dag, ville ikkje partiet ha fått meir enn 3,5 prosent og eitt mandat på Stortinget. SV-leiinga tek ikkje dårlege målingar i seg sjølv noko tungt.

- For oss er ikkje målingane viktige, det er det val som er. Kommunevalet var eit krystallklart teikn om at vi må reise kjerringa fram mot 2013, seier nestleiar Bård Vegar Solhjell.

Neste artikkel

Tidligere statsminister Kåre Willoch er død