Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reierstad vraka - Eidesen innstilt som ny styreleiar i Tine

Trond Reierstad får ikkje fornya tillit som styreleiar av valkomiteen i meierisamvirke.

Valkomiteen i Tine med komiteleiar Leif Rune Jensen i spissen går inn for å bytte ut styreleiaren i det bondeeigde meierikonsernet.

Les kommentaren: Riktig å skifte ut Reierstad

Vraka etter to år

Trond Reierstad, som driv gard i Lørenskog i Akershus, har vore styreleiar i Tine sidan våren 2010.

Han har sete i styret sidan 2006 og blei nestleiar i 2009.

Føreslår Eidesen som ny styreleiar

Valkomiteen har levert innstilling om Tor Inge Eidesen frå Haugesund (region sør) som ny styreleiar i meierikonsernet.

- Det er ein grundig prosess bak innstillinga. Vi har vurdert alle kandidatar og det er eit samla styre bak innstillinga, seier Jensen.

- Kva er årsaka til at de føreslår å bytte ut Reierstad?

- Det er ikkje noko dramatikk bak innstillinga og val av styremedlemer er ein del av medlemsdemokratiet i eit samvirke. Tine står over store utfordringar framover og det er gjort ei samla vurdering, seier Jensen.

- Fleire saker har vekt sterk debatt i Tine den siste tida deriblant innmeldinga i NHO og det at styret vurderte sal av Diplom-Is. Korleis har det verka inn på innstillinga?

Annonse

- Vi har hatt ein god dialog og vurdert alle kandidatar. Det er ei heilskapsvurdering som ligg bak innstillinga og eg tykkjer ikkje det er naturleg å gå inn på detaljar, seier Jensen.

- Var det eit vanskeleg val å gå inn for å skifte ut styreleiaren?

- Vi har hatt ein grundig prosess. Utfordringane framover for Tine har blitt vektlagt og det er ein einstemmig komite som står bak forslaget, seier Jensen.

Føreslår fire nye styremedlemer

Forutan å føreslå Tor Inge Eidesen som ny styreleiar går valkomiteen i Tine også inn for følgjande tre nye styremedlemer: Per Heringstad frå region Øst, Anne Britt Hanstad frå region Nord og Cecilie Bjørlo frå region Vest.

Tre ønskte å trekkje seg

Dei skal erstatte Heidi Hylland, Bodil Mannsverk og Jan Ove Tryggestad, som alle ønskte å trekkje seg.

Nestleiar Ingunn Sognnes frå region Vest er føreslått attvald, og det same er Torstein Grande frå region Midt-Norge.

Føreslår også ha ny ordførar og varaordførar

Valkomiteen føreslår også ny ordførar og varaordførar i Rådet i Tine.

Nils Asle Dolmseth frå region Midt-Norge blir føreslått som ny ordførar og Roy Erik Hetland frå region Vest er føreslått som ny varaordførar, går det fram av innstillinga til valkomiteen.

Neste artikkel

3000 bønder vil kjøpe mjølkekvote av staten - 107 vil selje