Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringsstrid har satt 100 millionar kroner i grøftetilskot på vent

Tom Wetlesen er ein av mange bønder som rasar over at fornminnevern blir sett opp mot mat. Ei regjeringsstrid gjer at 100 millionar kroner i grøftetilskot står på vent.

- Det er heilt håplaust. Vi snakkar her om å grøfte dyrka jord som er grøfta frå før. Viss vi blir pålagt arkeologiske undersøkingar, så vil kostnaden bli heilt øydeleggjande, seier kornbonde Tom Wetlesen (58) i Ås i Akershus.

Les også: Fredet gård for dyr bør for eieren

Han har mykje jord som treng drenering og grøfting, men på grunn av dårleg inntening kan han ikkje setje i gang arbeidet før dei varsla grøftetilskota frå staten er på plass.

I jordbruksoppgjeret i fjor var 100 millionar kroner i tilskot til grøfting den største og mest handfaste gulrota til bøndene. Tilskotet var også eit av hovudargumenta til regjeringa for at dei følgde opp landbruksmeldinga og målet om auka matproduksjon. Strid mellom Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet forseinkar derimot reglane for handtering av pengane. Ni månader etter at tilskotet vart fremja av staten er ordninga framleis i det blå.

Les også: Vil ha rentestøtte til grøfting

- Vi er i dialog med Miljøverndepartementet om korleis tilskot skal handterast. Bakgrunn for forseinkinga er at vi jobbar med å finne praktiske løysingar på forvalting av fornminne i jorda knytt til grøftearbeidet. Riksantikvaren er òg involvert, seier seniorrådgivar Frode Lyssandtræ i Landbruks- og matdepartementet.

- Jobbar med ei løysing

Miljøverndepartementet er svært ordknappe om saka.

- Leiinga i Miljøverndepartementet ønskjer ikkje å kommentere ei sak som ligg til behandling i regjeringa. Vi opplever heller ikkje at det er ei konflikt, men det er ulike meiningar om saka og det blir jobba med å finne ei løysing, seier kommunikasjonsrådgivar Gard Nybro-Nielsen.

Han ønskjer ikkje kommentere kva diskusjonane dreier seg om eller når det kan bli ei løysing.

- Var ikkje saka avklart i regjeringa før tilbodet blei lagt fram i jordbruksoppgjeret?

- Det kjenner eg ikkje til.

- Burde det vore avklart før?

- Utover det som er sagt har vi ingen kommentar, seier han.

100 mill. kr i grøftetilskot vart lova i jordbruksoppgjeret i fjor.

Annonse

- Fullt kulturkrasj

Leiar i kornutvalet til Norges Bondelag, Svein Stubberud, er kraftig provosert.

- Det er ein ganske håplaus situasjon. Tilskotet vart lova for ni månader sidan. Mange bønder vil gå i gang med å hente inn tilbod og gjere avtalar med entreprenørar før våren, men det må dei truleg sjå langt etter, seier han.

Stubberud seier seg kritisk til at fornminne kan stoppe grøfting.

- Jorda som det er aktuelt å grøfte er dyrka og grøfta frå før. Det er òg berre snakk om å grave ei smal stripe i jorda. Nei, her er det tydelegvis fullt kulturkrasj. Slike saker svekkjer tilliten til heile systemet blant bønder, og saka viser tydeleg alle motkreftene vi bønder må slite med, seier Stubberud.

- Føresetnad for drift

Stubberud viser til at ekspertgruppa til landbruksministeren trekte fram meir grøfting som eit sentralt punkt for å få til auka kornproduksjon i takt med dei landbrukspolitiske måla.

Les også: Sju av ti kornprodusenter har dårlig drenert jord

- Grøfting er ein føresetnad for å kunne ha eit mekanisert landbruk. Behovet er godt dokumentert av ekspertgruppa, og ære vere dei som grøfter trass i dårleg økonomi. Tilskotet var ei lita gulrot for å få til meir grøfting. Når dei ikkje ein gong klarer få den vesle gulrota på plass, og grøfting i tillegg blir sett på som problematisk, så blir eg berre veldig oppgitt, seier Stubberud.

- Påverkar kulturminne

Seksjonssjef Jostein Løvdal hjå Riksantikvaren stadfestar at dei er involvert i saka.

I Nationens e-avis for tirsdag 12. februar kan du også lese kva Riksantikvaren seier om saka samt meir om situasjonen for kornbonde Tom Wetlesen.

Neste artikkel

Importhvete har aldri vært dyrere