Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa vil utnytte handlingsrommet i WTO-avtalen til å betre tollvernet

Regjeringspartia og KrF er samde om å sikre eit velfungerande importvern. Det er Nils T. Bjørke i Bondelaget glad for.

I innstillinga til ny landbruksmelding står regjeringspartia og KrF saman om ein merknad der dei skriv at handlingsrommet innanfor gjeldande WTO-avtale «må utnyttes for å sikre et velfungerende importvern også i fremtiden».Les også: Direktøren i Norsk Landbruksamvirke meiner prosenttoll kan dempe importen - Stor utfordring Tollsatsane har stått fast på same kronebeløp sidan tidleg på 90-talet. Kostnads- og prisveksten gjer at tollvernet ikkje lenger gir effektivt vern mot import for fleire jordbruksvarer, og på eksempelvis meierivarer auka importen med heile 22 prosent til 27.750 tonn i fjor.Les også: Kritiserer tollvernet Saksordførar Arne L. Haugen (Ap) i næringskomiteen på Stortinget seier svakt tollvern er ei utfordring for fleire jordbruksvarer. - Importen er utfordrande for fleire varer i dag. Regjeringa har stadfesta at dei vil bruke handlingsrommet innanfor WTO-avtalen, og fraksjonen på Stortinget understrekar det same i merknadane. Eg vil likevel ikkje snakke opp forventingane til kva vi vil gjere, seier Haugen. Les også: Svebestad: - Norsk landbruk er avhengig av importvernHaugen seier at tollendringar ligg utanfor rammene for jordbruksforhandlingane, og at det heller ikkje utan vidare er lett å endre frå krone- til prosenttoll. - Ein må òg ta omsyn til smutthol. Heile saksområde må vurderast nøye, også effekten for industrien, seier han. Bjørke: - Bra utgangspunkt Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag er svært glad for at regjeringspartia og KrF skriv tydeleg at dei vil utnytte handlingsrommet til å betre tollvernet. Les heile innstillinga til ny landbruksmelding- Vi er glade for at regjeringa er så tydeleg på det. Styrking av tollvernet er svært viktig for å kunne løfte inntekta til bøndene. Det lyt vi få på plass, seier Bjørke. Utspelet til Småbrukarlaget om å få løfter om tollendringar på plass før forhandlingane, seier han dei ikkje har diskutert og tatt stilling til. - Treng de meir forpliktande løfter enn de alt har fått? - Merknadene i landbruksmeldinga bør vere eit godt utgangspunkt iallfall, seier Bjørke.Les heile saka i e-avisa eller i papirutgåva fredag 30. mars.

Annonse

Neste artikkel

Utsetter landbrukets klimafond og "nuller ut" myr-penger