Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa vil ikkje stramme inn jordvernmålet

I den nye nasjonale jordvernstrategien vil regjeringa vidareføre dagens mål om at det maksimalt skal omdisponerast 6000 mål dyrka jord i året. I dag blir det omdisponert mindre dyrka jord enn målet.

Vidarefører: Regjeringa og landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) vil ikkje stramme inn dagens jordvernmål, trass i at nedbygginga i dag er langt mindre enn målet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Vidarefører: Regjeringa og landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) vil ikkje stramme inn dagens jordvernmål, trass i at nedbygginga i dag er langt mindre enn målet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I eit 17-siders vedlegg til stortingsproposisjonen om årets jordbruksoppgjer la regjeringa fredag fram den lenge varsla nasjonale strategien for jordvern.

Strategien vart bestilt av fleirtalet på Stortinget etter eit framlegg frå Venstre der Stortinget bad om ein strategi for å styrke jordvernet ytterlegare og gjennomgå verkemidlene.

Strammer ikkje inn målet

I over ti år har fleire regjeringar hatt mål om å halvere nedbygginga av dyrka jord, som i perioden frå 1994 til 2003 var på 11.400 mål (1 mål = 1 dekar) per år i snitt.

Bondevik 2-regjeringa var den første til å vedta eit halveringsmål. Halveringsmålet vart også omtalt i landbruksmeldinga som den raudgrøne regjeringa la fram i 2012. Der blei målet set til at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skal haldast under 6000 mål.

Les også: Nordmenn legg beslag på mest jord i Europa

Målet blei første gong nådd i 2013 då litt under 6000 mål dyrka jord blei omdisponert til utbyggingsformål. Førebelse tal for 2014 viser at trenden med nedgang i omdisponeringa held fram og at omdisponeringa i fjor var nede i 5050 mål.

Regjeringa har vurdert situasjonen og kome fram til at dei vil vidareføre dagens mål.

– Regjeringen vil at den årlege omdisponeringa av dyrka jord ikkje skal overstige 6000 dekar, skriv regjeringa i den nasjonale jordvernstrategien.

Listhaug: – Ambisiøst

Trass i at målet alt er nådd og at nedbygginga av jord kan aukast med nærare 1000 mål dyrka jord per år innanfor målet, kallar landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) målet for ambisiøst.

– Dette er eit ambisiøst mål, sett ut frå ein omfattande samferdselsutbygging og prognose om høg folkevekst i framtida, seier Listhaug i ei pressemelding.

Ho viser til at særleg kommunane i pressområda vil få ei stor utfordring med å finne utbyggingsområde som ikkje berører dyrka jord eller andre verneomsyn. Listhaug trur det blir utfordrande å halde nedbygginga av matjord nede på dagens nivå.

– Det kan bli utfordrande å halde dette nivået på omdisponeringa framover. Det er eit stort arealpress i mange byregionar med verdifulle jordbruksareal, og det er mange større samferdselsprosjekt under planlegging, seier Listhaug og viser til at folketalet i Oslo-regionen er venta å auke med 350.000 personar fram mot 2030.

I Nasjonal transportplan for 2014 til 2023 er nedbygginga av dyrka jord på grunn av riksveg- og jernbaneprosjekt åleine anslått til å bli ca 7600 mål i 10-årsperioden.

Avviser verneheimel og nye tiltak

Annonse

I den nasjonale jordvernstrategien vender regjeringa tommelen ned til ei rekkje tiltak som er føreslått for å styrke jordvernet.

Regjeringa vil ikkje innføre ordningar med jorderstatningsfond eller jordvernavgift, noko Asplan Viak også gjekk imot i utgreiinga av jordverntiltak.

Ein eigen verneheimel i jordloven er også vurdert, men blir avvist av regjeringa. Regjeringa grunngjev det blant anna med at mange kommunar og fylkeskommunar er imot forslaget.

Les også: Byggjeaktør skal greie ut jordverntiltak for regjeringa

Ei arbeidsgruppe nedset av departementet har vurdert at ein verneheimel kan ha effekt for jordvernet og at oppretting av jordvernområde vil kunne sikre eit utval av dei mest verdifulle areala for jordbruk i landet mot nedbygging. Gruppa skal ifølgje departementet derimot ha sagt at det truleg samla sett vil gjelde begrensa areal og at presset på andre matjordområde vil kunne auke.

Regjeringa konkluderer med å vidareføre dagens regelverk.

– Regjeringa vil ikkje innføre verneheimel i jordlova, men vidareføre plan- og bygningsloven som viktigaste verkemiddel i planlegginga, skriv regjeringa.

Av tiltak regjeringa vil gjennomføre er å opprette ein nasjonal jordvernpris, som ein håper kan gi ein positiv effekt.

Vil gjennomgå og vidareføre dagens reglar

Regjeringa vil også blant anna evaluere plandelen i plan- og bygningsloven, vidareføre arbeidet med å utvikle kunnskap om arealressursane, vidareføre arbeidet med kommunereformen og vidareføre arbeidet med å auke plankompetansen i kommunane.

Les også: Sponheim vil strupe inntekta til kommunar som ikkje tek jordvern på alvor

Regjeringa vil òg arbeide vidare med å vurdere om kompensasjon av jordbruksområde blant anna i form av jordflytting er eit hensiktsmessig verktøy der det er vanskeleg å finne alternativ. Regjering vil òg gjennomgå blant anna omfanget og praksisen for spreidd utbygging og gjennomgå korleis jordvern og andre omsyn blir ivaretatt i konseptvalutgreiingsprosessane for store samferdsleprosjekt.

Neste artikkel

KrF avviser at dei gøymde unna prishopp på gjødsel