Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa venter snarleg avgjerd om bankdirektivet

Forhandlingane som vil avgjere om Noreg får unntak frå EUs bankdirektiv er i gang. Regjeringa har arbeidd for eit norsk unntak sidan 2008.

Onsdag ettermiddag starta forhandlingane som vil avgjere om Noreg vil få unntak frå EUs bankinnskottsdirektiv. Forhandlingane blir ført mellom EU-parlamentet, EU-kommisjonen og EU-rådet.

Dei tre institusjonane skal no bli einige om den endelege utforminga av direktivet. EU-parlamentet stør Noregs ønske om unntak frå direktivet, medan EUs kommissær for den indre marknaden, franskmannen Michel Barnier, har uttrykt skepsis til eit norsk unntak, fordi han meiner det vil vere eit urimeleg konkurransefortrinn for norske bankar.

Finansminister Sigbjørn Johnsen hadde ein videokonferanse med EU-kommissær Barnier i forkant av møtet. På dette møtet understreka Johnsen endå ein gong at saka er viktig for Noreg, opplyser Finansdepartementet i ei pressemelding.

- SV håpar på eit gjennomslag for Noreg i denne saka. EU-parlamentet har slutta seg til den norske posisjonen, og finansdepartementet har hatt mange møte med dei relevante finansministrane i EU-landa, seier Inga Marte Thorkildsen, finanspolitisk talskvinne for SV.

- Europa er framleis prega av finanskrise og manglande økonomisk stabilitet. Vi treng verkemiddel som skaper større finansiell stabilitet, legg ho til.

Lang prosess

Senterpartiets Per Olaf Lundteigen seier han er usikker på kva forhandlingane i EU vil føre til.

- Signalet vi har fått frå Finansdepartementet er at det er ei auka forståing i EU-systemet for den norske innskotsgarantien. Samstundes veit vi at finanskrisa ikkje er over, og at EU difor er svært forsiktige med å la nokon land ha betre ordningar enn andre, seier Lundteigen.

Heilt sidan EU endra sitt bankinnskotsdirektiv i 2008 har den norske regjeringa arbeidd for eit unntak. Direktivet slår fast at alle EU- og EØS-land skal garantere for bankinnskot opp til 800.000 kroner. Det vil seie at om ein banken går konkurs, dekkjer staten tap på opptil 800.000 kroner for bankens kundar. Grensa på 800. 000 kroner er ikkje berre ei minimumsgrense, det er også eit tak.

- EUs bankinnskottsdirektiv er relevant for EØS-avtalen og blir ein del av norsk lov.

Annonse

I EU-området inneber direktivet ei auke i innskotsgarantien i alle land bortsett frå Italia, som har ein like høg garanti i dag. For Noreg sin del inneber direktivet derimot ein kraftig reduksjon av dagens innskotsgaranti som er på to millionar kroner. Eit samla norsk Storting står bak kravet om unntak frå direktivet.

Senterpartiet har tidlegare kravd at Noreg skal leggje ned veto om forhandlingane om direktivet ikkje skulle føre fram.

Støtte frå EU-parlamentet

I mai i år gjorde Europaparlamentet eit vedtak som stør opp om den norske posisjonen. Parlamentet føreslår at 800 000 skal vere ei felles nedre grense, men dei opnar samstundes for at land som hadde ein høgare grense då direktivet vart vedteke skal få halde fast på denne.

Onsdag var Nationen i kontakt med kontoret til EU-parlamentarikaren Burkhard Balz, som var sentral då vedtaket vart gjort. Dei var optimistiske framfor forhandlingsmøtet.

Støtte frå finansnæringa

Finansnæringa stør regjeringas krav om unntak. «Vi er einige med finansministeren i denne saka», sa Arne Skauge, til Aftenposten i november i fjor.

Han representerer Finansnæringens hovedorganisasjon i styret for Den europeiske bankforeininga. Skauge sa også at den norske garantiordninga skapte auka økonomisk stabilitet under finanskrisa.

Det var finanskrisa som var bakgrunnen for at EU sitt vedtak i 2008. I kjølvatnet av denne krisa vedtok Irland ei kraftig betring av sin garanti for innskott i landets største bankar. Det fekk alvorlege følgjer for den økonomiske stabiliteten i EU-området. Den første konsekvensen var ein storstilt kundeflukt frå britiske til irske bankar.

Den andre konsekvensen var at andre EU-land byrja kome med løfter om auka rammer for innskotsgaranti. Direktivet var ein måte for EU-kommisjonen å prøve å få kontroll over situasjonen att. Utfallet av møtet var ikkje klart då Nationen gjekk i trykken.

Neste artikkel

MDG: – Det er et svik mot de unge. Det er et svik mot klimaet