Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa nådde ikkje jordvernmål

Målet om å halvere nedbygginga av dyrka jord i 2010 blei ikkje nådd, viser nye tal. Miljø- og jordvernorganisasjonar krev nye tiltak for å ta vare på matjorda.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det i fjor blei godkjend omdisponert minst 7270 mål dyrka mark i fjor. Det er ein nedgang frå året før, men framleis er det 34 kommunar som ikkje har rapportert.

Regjeringa klarde dermed ikkje nå målet om å halvere nedbygginga innan utgangen av 2010, og tempoet er minst 27 prosent høgare enn målet.

Verken miljøorganisasjonar, bondeorganisasjonar eller jordvernforeiningar er imponert over regjeringas innsats.

Les også: Regjeringas jordvern får bondekritikk

- Nedbygginga er alarmerande. Sjølv om det ser ut til å gå i rett retning, så er det for dårleg. Når skal vi vakne her i landet, og ta signala frå omverda? Regjeringa har ikkje gjort ein god nok jobb når resultatet er som det er, seier leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Ho krev langt sterkare tiltak og viser til at Småbrukarlaget krev totalforbod mot nedbygging av matjord.

Leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet seier det er bra at regjeringa har klart å redusere nedbygginga av dyrke jord, men at det framleis blir gitt løyve til å byggje ned for mykje matjord.

- Vi krev at regjeringa grip inn og stoppar fleire utbyggingar enn dei gjer i dag. Den dyrka jorda blir meir og meir verdt når klimaendringane reduserer matproduksjonen i store jordbruksområde i verda. Norge må ta vare på dei areala vi har. Matjorda gjer av vi kan få kortreist og miljøvenleg mat, seier Haltbrekken.

Vil ha forbodNaturvernforbundet vil at det i utgangspunktet skal vere forbod mot omdisponering av jordbruksjord, og dei håper regjeringa kjem med nye og sterkare verkemiddel i stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken til våren.

- Vi håper regjeringa vil føreslå sterkare vern av dyrka mark. Dei gjer framleis ikkje nok, seier han.Norges Bondelag krev at regjeringa flyttar ansvaret for arealforvaltninga frå kommunane og over til Fylkesmen-nene.

- Tala stadfestar at regelverket må endrast. Det blir bygd ned alt for mykje matjord, og det heng ikkje i saman med målet om å auke matproduksjonen. Utviklinga er ikkje berekraftig. Kommunane ser lett på andre formål som viktigare i enkeltsakene, men samla blir nedbygginga stor. Vi krev ansvaret må overførast frå kommunane til Fyl-kesmennene, og at det berre er i nasjonalt viktige saker at omdisponering kan tillatast, seier leiar Nils T. Bjørke.

Ingen lovnad om nye tiltak

Stortinget vedtok i 2004 å halvere nedbygginga av dyrka jord innan 2010. Regjeringa vidareførte målet.

Annonse

Statssekretær Ola T. Heggem (Sp) i Landbruksdepartementet vedgår at halveringsmålet ikkje blei nådd, men han meiner at regjeringa er godt på veg.

- Vi har ikkje klart å nå målet, men nedbygginga har gått klart ned og mykje er gjort, seier han.

- Det har vel stort sett variert mellom 7000 og 8500 mål dyrka jord i året sidan 2005?

- Ja, men før det var det langt meir. Vi har oppnådd mykje, men vi har ein del å gå på og det viser at vi må jobbe systematisk.

- De får kritikk for ikkje å ha gjort nok?

- Det er bra at mange er opptatt av jordvern. Det set vi pris på, og i fellesskap må vi prøve å nå måla.

- Vil de føreslå nye tiltak?

- Det driv vi å diskuterer. Eg kan ikkje love noko, og jordvernparagrafen vi har foreslått har fått mykje motstand, seier Heggem.

Kan vere finanskriseeffektRogaland toppar fylkesstatistikken med over 1300 mål dyrka jord omdisponert. Leiar Andreas Joa i Jordvernfore-ninga i Rogaland utelukkar ikkje at finanskrisa kan ha ført til at omdisponeringa gjekk litt ned i fjor.

- Det er beklageleg at halveringsmålet ikkje blei nådd. Nye tiltak må til, men det er avgrensa kor mykje Landbruksdepartementet kan gjere når motstanden mot betre lovfesta vern av matjord er så stor i Miljøverndepartementet, seier Joa.

Nationen har ikkje klart å få kommentar frå politisk leiing i Miljøverndepartementet.

Politisk rådgjevar Audun Garberg i Miljøverndepartementet kommenterer i ein epost at statistikken viser at ut-viklinga går i rett retning, men også at den skjerpa politikken ikkje får umiddelbar effekt.

Neste artikkel

MDG om Grytten-rapport: – Dette løser ingenting for bøndene