Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa legg fram Europamelding

Regjeringa legg i dag fram stortingsmeldinga om EØS og andre avtalar Noreg har med EU. Meldinga er ei oppfølging av rapporten frå det regjeringsutnemnde Sejersted-utvalet.

Trass i at en av fire av organisasjonane som gav høyringsinnspel til rapporten bad regjeringa vurdere alternativ til EØS-avtalen, kjem meldinga i hovudsak til å handle om korleis handlingsrommet i dagens EØS-avtale skal nyttast betre.

Les også: Europautredningen: - Massiv overføring av lovgivende makt til EU

Statssekretær Gry Larsen (Ap) i Utanriksdepartementet har leidd arbeidet med stortingsmeldinga. Ho seier at regjeringa i arbeidet med meldinga har henta inspirasjon og idear frå ulike hald - frå NOUen frå det regjeringsoppnemnte Sejersted-utvalet og innspela til den og frå Alternativrapporten og andre rapportar.

På spørsmål om kor vidt meldinga tek stilling til EØS, syner Larsen til regjeringserklæringa.

Annonse

- Regjeringa har allereie teke stilling til EØS-avtalen i Soria Moria-erklæringa. Vi baserer politikken vår på det, sa ho i eit intervju med Nationen i september.

Leiar Heming Olaussen i Nei til EU trur ikkje stortingsmeldinga vert nokon merkestein for EØS-debatten, men seier det er positivt at Noreg i større grad enn før vil stå opp mot EU.

- Eg trur primærstandpunkta til partia kjem til å kome fram meir i valkampen, og det skal verte spanande å sjå korleis dei ulike partia uttalar seg under stortingsdebatten om meldinga, seier Olaussen.

Neste artikkel

Senterungdomen vil kutte EØS-midlane: – Usosialt og usolidarisk