Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa droppar matmaktlov

Det skal være semje mellom regjeringa, Venstre og KrF om å leggje til side lov om god handelsskikk, etter det Nationen erfarer.

I skuffen?: Ifylgje NRK har landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og resten av regjeringa bestemt seg for å leggje loven om god handelsskikk i skuffen for godt. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen
I skuffen?: Ifylgje NRK har landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og resten av regjeringa bestemt seg for å leggje loven om god handelsskikk i skuffen for godt. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen

Loven om god handelsskikk blir ikkje lagt fram for Stortinget. Det skal no være semje mellom støttepartia KrF og Venstre om at loven kan bli lagt til side.

Det var NRK som først meldte om saka, men no bekrefter også kilder overfor Nationen at lova leggjast til side.

Landbruks- og matdepartementet har førebels ikkje stadfesta av loven ikkje blir lagt fram. Overfor Nationen skriv departementet i ein e-post at dei ikkje har kommentarar til NRK-saka.

I staden for ein ny lov skal det vera semje om å skjerpe inn Konkurranseloven og Konkurransetilsynet.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har hatt loven på bordet i snart to år, og har tidlegare uttala at regjeringa har vurdert andre tiltak enn å innføre ein lov om god handelsskikk.

Annonse

Ein lov om god handelsskikk vart fyrst føreslått av Matkjedeutvalet i april 2011. Eit regjeringsoppnemnd ekspertutval konkluderte i april 2013 at det var behov for ein lov, og la fram eit framlegg til lov om god handelsskikk.

Loven har fått støtte frå landbruksnæringa, daglegvareleverandørane og forbrukarrådet. Medan Norgesgruppen har vore mot loven, har Rema 1000-sjef Ole Robert Reitan gitt si støtte til loven. Konkurransetilsynet har vore motstandarar av å innføre ein slik lov.

Les også: Lars Peder Brekk: – Det var sterk motstand mot loven

Neste artikkel

Listhaug: – Det er tydelig at Vedum er opptatt av posisjoner og verv