Halebiting på griser
Dei første månadene i 2016 fekk 7,8 % av grisene merknad for halebiting / halesår ved slakting, mot 2% i 2012 ifølgje ei bacheloroppgåve.
Det var små forskjellar blant rasane i 2016. Prosenten var på 7,5 for Noroc-grisen til Nortura, 7,6 for Hampshire-grisen til KLF-slakteria og 8,3 for uspesifiserte rasar, i stor grad ulike landsvinkryssingar.
Tal frå Animalia viser ein vekst til 8,2 % for heile 2016 og til 9,1% til nå i år.
2017-tala viser langt meir halesår (over 16%) på griser som er immunologisk kastrert (vaksine, såkalla VAK) enn griser som er kirurgisk kastrert. Det er høgast førekomst av halesår i region nord, lågast i region aust medan region vest og midt òg ligg over snittet.