Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Raudgrøn overrasking over Listhaug som landbruksminister

Fleire av dei raudgrøne næringspolitikarane er undrande til at Sylvi Listhaug blir den nye landbruksministeren frå Frp.

- Eg må få lov til å seia at eg er overraska. Ho har ikkje nokon bakgrunn frå dette området tidlegare. Det treng ikkje å vera negativt, me får vente og sjå, seier Marit Arnstad (Sp), som skal leie Næringskomiteen på Stortinget.

Også den førre leiaren av Næringskomiteen, Terje Lien Aasland frå Arbeiderpartiet, er overraska.

- Ja, det er eg. Eg trur at det blir krevjande uansett å vera landbruksminister for ei blåblå regjering.

Les også: Odelsjenta Sylvi Listhaug overrasker som landbruksminister

Trygve Slagsvold Vedum overrekte nøklane til kontoret onsdag ettermiddag.

- Det er overraskande at det er Oslo Frp som inntek Landbruksdepartementet. Det var det nok få som hadde sett for seg, seier han. Feil kjønn på Asmyhr?

Partifelle Per Olaf Lundteigen hadde sett for seg at det vart Hans Frode Asmyhr som skulle bli landbruksminister.

- Asmyhr er den personen i Frp som har best innsikt i landbrukspolitikk. Eg har forstått det slik at han ikkje nådde opp fordi han har feil kjønn, seier Lundteigen.

Les også: Bondelaget om Listhaug: - Får det ikke helt til å stemme

Annonse

Arnstad seier det skal bli «interessant» å fylgje med på kva som blir den landbrukspolitiske linja frå regjeringspartia.

- Dei er ei mindretalsregjering. Fleirtalet i Stortinget ligg ikkje i skjeringspunktet mellom Frp og Høgre sin landbrukspolitikk, så det blir interessant å sjå kva linje dei legg seg på, og korleis dei forheld seg til landbruksorganisasjonane. Skepsis i næringa

Aasland seier det tradisjonelt har vore nært og godt samarbeid mellom landbruksstatsråden og organisasjonane.

Les også: Lundteigen inviterer Listhaug til landbruksdialog

- Eg registrerer at organisasjonane er skeptiske til utnemninga. Det er hennar oppgåve å motbevise denne skepsisen, og sørgje for at det blir eit godt og roleg forhold, og at det framleis er grunnlag for optimisme i næringa. Ho har eit krevjande utgangspunkt med den regjeringserklæringa som ligg til grunn.

Også KrF-politikar Hans Olav Syversen undrar seg over valet av Listhaug.

- Det var eit litt anna val enn eg hadde trudd det skulle bli, seier Syversen til NRK.

Neste artikkel

Flere medier: Sandra Borch blir landbruksminister