Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Professor Arne Nygaard er kritisk til maktfordelinga i daglegvaremarknaden

– Oppsplitting av daglegvarekjedene må vurderast, seier professor Arne Nygaard ved Markedshøyskolen.

Kjedemakt: – Tre daglegvarekjeder i Noreg gir ein for konsentrert marknad, seier professor Arne Nygaard ved Markedshøyskolen. Han meiner det må vurderast å splitte opp kjedene. Foto: Heiko Junge/NTB Scanpix og Markedshøyskolen
Kjedemakt: – Tre daglegvarekjeder i Noreg gir ein for konsentrert marknad, seier professor Arne Nygaard ved Markedshøyskolen. Han meiner det må vurderast å splitte opp kjedene. Foto: Heiko Junge/NTB Scanpix og Markedshøyskolen

– Maktstrukturen i daglegvaremarknaden er for konsentrert.

Det seier professor Arne Nygaard ved Markedshøyskolen. Etter at Coop får kjøpe Ica, går daglegvareaktørane frå fire til tre.

Nygaard seier det er udiskutabelt at det er relativt høge prisar og liten variasjon i vareutvalet i Noreg, samanlikna med andre land.

– Noko av problemstillinga med marknadskonsentrasjon er at det blir høgare prisar. Me ser også at daglegvareaktørane til ein viss grad er i stand til å lempe kostnadene over på kundane i form av auka prisar.

Tysdag kveld sende NRK Brennpunkt dokumentaren «Matvarekrigen». I dokumentaren kjem det mellom anna fram at Orkla betalar eit milliardbeløp i rabattar, bonusar og Joint Marketing for å få tilgang til butikkhyllene i daglegvarekjedene.

Matmarknaden

Det er tre store matkjeder i Noreg.

Størst er Norgesgruppen med 39,3 prosent marknadsdel. Coop har 33,8 prosent, medan Rema 1000 har 23,1 prosent.

I tillegg har matkjedene etablert eigne distribusjonsselskap, og 
kontrollerer mellom anna industriverksemder og kioskkjeder i Noreg.

Brennpunkt har også snakka med Hval Sjokoladefabrikk, ein liten aktør som fyrst fekk avtale med Norgesgruppen i ein kort periode før dei forsvann ut igjen frå butikkane.

Lidl ei historisk skugge

Nygaard peiker på to spørsmål som bør greiast ut: Kva som skjedde då Lidl trakk seg ut av Noreg, og om daglegvareaktørane bør splittast opp.

– Ein bør gå attende til Lidl-caset for å sjå kva som gjekk gale. Spørsmålet har ikkje vore oppe på bordet politisk. Me kan ikkje late som at historia om Lidl i Noreg aldri har skjedd, seier han.

Nygaard meiner det sjåast på om barrierane er låge nok til at utanlandske konkurrentar kan koma inn i marknaden. Når Ica forlét Noreg, blir det den andre daglegvarekjeda som gir opp den norske daglegvaremarknaden.

– Lidl er ei historisk skugge i den norske marknaden som næringspolitikarane må kvitte seg med. Når utanlandske selskap etablerer seg i Noreg, blir dei møtt med eit orkester av økonomiske interesser knytt til å oppretthalde marknadskonsentrasjonen i marknaden. Det er svært uheldig. I alle marknader fører marknadskonsentrasjon stort sett til høgare prisar og dårlegare service, seier Nygaard.

Må vurdere oppsplitting

– I tillegg må det vurderast om me er tente med å ha så store aktørar i marknaden. Eit selskap som Norgesgruppen er større enn amerikanske Standard Oil var i 1911 før det vart splitta opp i 33 ulike selskap, seier han.

«Det verkar ikkje som det er forbrukaren 
som står i sentrum når maktspelet pågår.»

Jan-Egil Pedersen, forbundsleiar i NNN
Annonse

Etter Coops oppkjøp av Ica har Norgesgruppen ein marknadsdel på 39,3 prosent, medan Coop har 33,8 og Rema 1000 har 23,1 prosent.

Les også: Daglegvarekjedene kontrollerer langt meir enn berre matbutikkane

Professoren seier marknaden er kritisk for dei med låge inntekter.

– Maktkonsentrasjonen er difor eit alvorleg problem som må høgt opp på den politiske agendaen. Det å sjå på korleis kjedene kan splittast opp kan vera ein god idé. Det er gjort i andre land, og eg kan ikkje sjå kvifor me i Noreg ikkje kan gjera det, seier Nygaard.

NNN etterlyser lov

Forbundsleiar Jan-Egil Pedersen i Nors nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) seier NRK-dokumentaren synleggjer behovet for å få på plass loven om god handelsskikk og eit tilsyn.

– Det verkar ikkje som det er forbrukaren som står i sentrum når maktspelet pågår, seier han.

Tysdag ettermiddag deltok landbruks- og matminister Sylvi Listhaug på temadag i NHO Mat og drikke. Statsråden sa der at regjeringa framleis vurderer loven.

– Eg tolkar Listhaug dit at det pågår diskusjonar i regjeringa om kva som skal gjerast. Når ho gjekk så langt som ho gjorde, reknar eg med at det kjem noko, seier han.

Pedersen seier det er nødvendig å sjå daglegvaremarknaden i samanheng med storhushald og distribusjon.

– Distribusjon er ein viktig del av kontrollen til daglegvarekjedene, og det er difor fornuftig å sjå samanhengen mellom storhushaldning og daglegvare.

Neste artikkel

Coop inngår avtale med fransk matkjedegigant