Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Politisk dragkamp om beredskapslagring av korn

Medan Høgre ser lite behov for 
beredskapslager, tek partnarane KrF 
og Venstre til orde for å gjeninnføre 
statleg finansiert kornlagring.

Eigarskifte: Felleskjøpet Agri blar opp nær 50 millionar kroner for å hindre riving av Skandinavias største kornlager, Stavanger Havnesilo. Foto: Norgrain
Eigarskifte: Felleskjøpet Agri blar opp nær 50 millionar kroner for å hindre riving av Skandinavias største kornlager, Stavanger Havnesilo. Foto: Norgrain

Havnesiloen og kornimport

Felleskjøpet Agri kjøper landets største kornlager, Stavanger Havnesilo, for 49,5 mill. kr. Anlegget stod i fare for å bli selt til bustadformål.

Cermaq, der staten eig 59,17 % av aksjane, kjøpte beredskapslageret for korn for 21 mill. kr i 1995.

Havnesiloen kan lagre 195.000 tonn korn, som utgjer heile årets norske importbehov for matkorn, i tillegg til 30.000 tonn melasse til dyrefôr.

60% av råvarer til korn og kraftfôr og 83% til fiskefôr er importert.

Vel 20 % av korneksporten i verda kjem frå Svartehav-området. Faren for krig mellom Ukraina og Russland, to av dei største korneksportørane i verda, sende kornprisen 10 % opp på børsane sist veke.

I kjølvatnet av at Felleskjøpet Agri kjøpte landets desidert største kornlager denne veka, tek både KrF og Venstre til orde for at det er behov for å beredskapslagre korn her i landet. Den statleg finansierte beredskapslagringa av korn vart vedteken avvikla for rundt ti år sidan. Etter dragkampen om statsbudsjettet før jul vart derimot KrF, Venstre, Høgre og Frp einige om at det skal gjennomførast ei ny utgreiing av behovet.

Høgre: – Ikkje hatt bruk for

Salsprosessen rundt beredskapslageret for korn, Stavanger Havnesilo, får striden mellom partia til å blusse opp på ny. Næringspolitisk talsperson Gunnar Gundersen i Høgre sa denne veka til NTB at det ikkje hadde vore bruk for dei norske beredskapslagra for korn sidan krigen.

– Behovet for eigen kornberedskap blir mindre etter kvart som verda blir stadig meir integrert. Sidan andre verdskrig har vi vore igjennom både koreakrigen og den kalde krigen, utan at vi måtte nytte oss av kornberedskapen, sa Gundersen, og sa at det er mykje anna det er meir fornuftig å bruke statlege pengar på.

KrF: – Må sjå framover

Høgreutsegna skapar reaksjonar.

– Eg opplever ikkje at Høgre tek dei store klimautfordringane inn over seg. Ein kan gjerne sjå på fortida, men framtida treng ikkje bli som fortida. Klimaendringane vil gi store utfordringar for matproduksjonen. Befolkninga aukar og fleire vil kome ut av fattigdom. Det er det viktig å ha med seg i vurderinga, seier næringspolitisk talsperson i KrF, Line Henriette Hjemdal, som seier seg ueinig med Høgre-talsmannen.

– Vi vektlegg ulike forhold. Eg håper og trur den nye utgreiinga vil vise at det er behov for beredskapslagring av korn, og at dei faglege argumenta vil vege tungt når Stortinget skal behandle saka, seier ho, og gir samtidig ros til Felleskjøpet Agri for kjøpet av Stavanger Havnesilo.

– Dei viser med det stort samfunnsansvar, seier ho.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) har bede Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (Nilf) også greie ut lagring av korn i utlandet. Ei slik løysing seier Hjemdal ho er usikker på om bør leggjast til grunn.

Venstre: – Behov for lager

Næringspolitisk talsperson i Venstre, Pål Farstad, tek også til orde for beredskapslagring av korn. Han skriv følgjande i ein sms:

«Jeg syns fortsatt at det er behov for kornlager i Norge av beredskapshensyn, og at staten ikke skal fraskrive seg sitt ansvar for dette. Vi har vært heldige så langt, men vet ikke hvilke situasjoner som kan oppstå internasjonalt som gjøross sårbare hvis vi ikke holder oss med lager.»

Sp: – Svært naivt av Høgre

«Jeg syns fortsatt at det er behov for kornlager i Norge av beredskapshensyn, og at staten ikke skal fraskrive seg sitt 
ansvar for dette.»

Pål Farstad, Næringspolitisk talsperson i Venstre
Annonse

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Marit Arnstad (Sp), har reagert kraftig.

– Eg tykkjer Gundersen viser ei svært naiv haldning til beredskap. Ein må vere føre var og planleggje for det uføresette, seier ho.

Ho rosar Felleskjøpet for kjøpet av kornlageret, og seier ho ventar staten stiller opp.

– Beredskap er ikkje dugnadsarbeid. Regjeringa må gjere sin del av jobben, seier ho og meiner regjeringa må slutte å skyve ansvaret over på bønder og private.

Overfor Nationen.no kallar Gundersen reaksjonen frå Arnstad for merkverdig. Han viser til at det i ei stortingsmelding frå 2008 heiter at risikobilete ikkje lenger er slik at ein kan anta at Norge blir avsperra frå internasjonale marknader over tid.

– Eg synest Arnstad snarare er overivrig etter å binde opp statlege budsjetter til unødige utgifter, seier Gundersen.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har òg kraftig kritisert regjeringas handtering av saka. Han har kalla det ei total ansvarsfråskriving og ei privatisering av matberedskapen, men rosa Felleskjøpet Agri for å sikre at kornlageret ikkje blir rive.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar dei siste dagane.

Neste artikkel

Landbruksdiplomat: – Kornlagring forebygger globale kriser