Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Over halvparten trur alkoholreklame vil føre til meir fyll og misbruk

Nationens distriktsbarometer viser at 55,4 prosent trur at alkoholreklame på tv fører til auka alkoholmisbruk. 41,3 prosent trur ikkje at det er nokon samanheng.

EU vil ikkje gi Noreg unntak frå sitt amtdirektiv, det såkalla tv-direktivet. Regjeringa har signalisert at det er uaktuelt å leggje ned veto. Det kan føre til alkoholreklame på norske tv-kanalar. Skepsis på bygda Det er ein markant forskjell i oppfatningane om verknaden av alkoholreklame på bygda og i byen. I Oslo og i byar med meir enn 50.000 innbyggjarar, trur om lag halvparten at alkoholreklame på tv fører til auka misbruk. I mindre byar, tettstader og på landsbygda trur mellom 57 og 60 prosent at tv reklame for alkohol gir auka misbruk. Folk i Midt-Noreg, på Vestlandet og på Sørlandet er dei som har sterkast tru på samanhengen mellom tv-reklame og misbruk, medan folk på Austlandet er dei som i minst grad trur det finst ein slik samanheng. - Det kan sjå ut til at forskjellane i oppfatning både handlar om kultur og om ideologisk ståstad, seier Reidar Almås, professor ved senter for Bygdeforskning.

Les også: Sp, SV og KrF krev veto mot alkoholreklame

Almås forklarar vurderingane til folket på Sørlandet og på Vestlandet med kyrkjas sterke stilling i desse regionane. Synet på statleg regulering er det Almås trur er utslagsgivande for oppfatningane til folk i Midt-Noreg.Regulering Veljarane til KrF, SV og Senterpartiet er dei som er mest overtydd om samanhengen mellom alkoholreklame og misbruk, medan veljarane til Høgre og Framstegspartiet er dei som i minst grad er overtydd om ein samanheng. - Det som slår ut for Midt-Noreg er nok at folk i denne regionen har større tru på statleg regulering enn andre. Den raudgrøne regjeringa har jo også større oppslutning i denne landsdelen enn andre stader, seier Almås.Sambandet - Den kunnskapen vi har om samanhengen mellom reklame og misbruk er nok ikkje så enkel og kategorisk som det dette spørsmålet legg opp til, seier Ingeborg Rossow, forskar ved Sirus, Statens institutt for rusmiddelforsking.Rossow fortel at det dei siste åra er forska mykje på sambandet mellom reklame og alkoholkonsum blant ungdom. - Når det gjeld ungdom er forskaranes funn ganske eintydige. Dei viser at det er ein samanheng mellom alkoholreklame og unges bruk av alkohol. Unge som har sett mykje reklame for alkohol byrjar drikke tidlegare enn annan ungdom, i tillegg drikk dei meir enn andre, fortel Rossow.

Annonse

Les også: Hansa Borg krev alkoreklame i blad og aviser

Forskaren understrekar at studiar om alkoholreklamens påverknad på vaksnes drikkevanar ikkje har gitt eintydige svar. Nationens distriktsbarometer spør om alkoholmisbruk. Rossow poengterer at dei fleste alkoholrelaterte skadane vi ser i Noreg kvart år, ikkje er knytt til ei lita gruppe alkoholavhengige. - Det er knytt til den store gruppa av alkoholbrukarar som skader seg sjølv eller andre i fylla, seier Rossow,Les meir om denne saka i eavisa til Nationen for tysdag 27. desember. Ho kan kjøpast her.

Neste artikkel

Stortingspresidenten trekker seg etter pendlerboligsaken