Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Over 6000 mål dyrka jord blei bygd ned i fjor

Mest matjord blir lagt under betong og asfalt i Rogaland, Buskerud og Sør-Trøndelag viser ferske tal.

Torsdag la Statens landbruksforvaltning (SLF) fram føreløpige tal som viser at det i 2011 blei gitt grønt lys til å omdisponere 6067 mål med dyrka jord i 2011 og 3646 mål dyrkbar jord.

Manglar tal frå 27 kommunar

Tala er basert på kommunanes eigen rapportering av kor mykje matjord dei har gitt klarsignal for å byggje ned.

Les også: Rapporterte for lite nedbygging

Framleis er det 27 kommunar som ikkje har lagt fram tala innan fristen.

Dei er: Bergen, Øvre Eiker, Gol, Modum, Iveland, Sirdal, Bokn, Sund, Fedje, Gaular, Naustdal, Jølster, Bremanger, Vestnes, Frøya, Namsos, Nærøy, Dønna, Lurøy, Lødingen, Røst, Flakstad, Vestvågøy, Moskenes, Ibestad, Bardu og Lyngen.

Endelege tal vil bli lagt fram i juni.

SLF nøgd

SLF legg vekt på at dei føreløpige tala viser ein nedgang i omdisponeringa av dyrka jord på rundt 9 prosent frå året før.

- Sjølv om dette er føreløpige tal som kan bli endra fram til dei endelege tala blir lagt fram i juni, har det vore ein klar positiv utvikling dei siste åra, seier seksjonssjef Geir Grønningsæter i SLF i ei pressemelding.

Nådde ikkje halveringsmålet

Regjeringa har hatt som mål å halvere omdisponeringa av dyrka jord til maks 5700 mål pr år innan utgangen av 2010.

Les også: Regjeringa nådde ikkje jordvernmålet

Det målet blei ikkje nådd.

Firer på jordvernmålet

I forslaget til landbruksmelding, som nå er til behandling på Stortinget, blei det firt på målet.

Les også: Willoch tar til orde for sterkare jordvern

Les også: Bioforsk meiner jordvern blir mykje viktigare i åra framover

Annonse

Det nye målet tek sikte på at det maks skal byggjast ned 6000 mål dyrka jord per år, noko ein ikkje er så langt i frå om dei føreløpige 2011-tala viser seg å stemme.

Vil ikkje føreslå sterkare vern

Regjeringa vil heller ikkje gå inn for å innføre ein lovheimel for varig vern av matjord, på lik linje med vernet andre landskapstypar har.

Les også: Krev sterkare tiltak for vern av matjorda

Les også: Regjeringas jordvernpolitikk får bondekritikk

I landbruksmeldinga skriv står det at forslaget om lovfesta vern fekk mykje motstand frå blant anna kommunane, og at regjeringa heller vil bruke det eksisterande regelverket.

Les også: Kritisk til jordvern-vegring

KrF, som er den mest sannsynlege samarbeidspartnaren for regjeringspartia om landbruksmeldinga, krev strengare jordvern.

Mest nedbygging i Rogaland

Som dei fleste tidlegare år blir det gitt klarsignal til mest nedbygging i Rogaland.

Les også

I fjor kom fylket, som opplever sterk folkevekst, ut med 989 mål omdisponert dyrka jord.

Buskerud, Oppland og Sør-Trøndelag hakk i hæl

I Buskerud blei 783 mål dyrka jord omdisponert, medan det var 716 mål i Oppland og 713 mål i Sør-Trøndelag.

Les også: Verstingar bak halve nedbygginga

Totalt for både dyrka og dyrkbar jord vart det gitt klarsignal til å byggje ned 1551 mål i Rogaland, 1373 mål i Buskerud og 1033 mål i Sør-Trøndelag.

Neste artikkel

Nesten 400 personer er nominerte til Årets unge bonde