Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Organisasjonen for lokale kulturbygg legg seg ned

Statstilskotta til rusfrie samlingsstader har gått ned over fleire år. No legg organisasjonen Norske kulturbygg seg ned.

I pressemeldinga som varslar nedlegga skriv Norske kulturbygg at den økonomiske situasjonen har vore vanskeleg sia husorganisasjonane i NSRM (Norsk senter for rusfri miljøutvikling) mista statstilskottet gjennom Helsedirektoratet (rusfrie hus og samlingsstader) frå 2010.

Tilskottet var ein del av ei gammal ordning frå rusmiddeldirektoratet si tid og spesialsydd organisasjonar som har hus med alkoholfri drift. Det gjeld til dømes dei norske vandrarheimane og husa innanfor Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. - Ein 63 år gammal organisasjon må no leggje ned, i ei tid der arbeidet til organisasjonen er meir aktuell enn nokon gong, seier dagleg leiar Anders Slaatsveen. Les også: Kulturbygg tapte kampen om tippemidla Norske kulturbygg har ei lang historia frå skipinga av Lagsbruksnemnda i 1949, via Lagsbrukssamskipnaden frå 1979 og Norske Lagsbruk (1997). I 2009 skifta vi namn til Norske kulturbygg. Sia slutten av nittitalet har meir og meir av arbeidet vore retta inn mot ungdomshusa i Noregs Ungdomslag (NU). Norske kulturbygg har vore viktig for lagsbruka og dei siste tiåra spesielt for ungdomshusa med fagleg rådgjeving (driftsteknisk, økonomisk, juridisk og ikkje minst ved opprusting/ombygging), huskurs, bredt fagleg samarbeid og arbeid opp mot styresmakter og fagmiljø. Dette arbeidet må no huseigarorganisasjonane, spesielt NU, stå for sjølv.

Annonse

Neste artikkel

Nei til buejakt