Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ørebech: - Toll avgjer ikkje norsk fiskeeksport

Ny rapport hevdar det er ein myteat tollnivået er avgjerande for norsk eksport av fisk.

Peter Ørebech, førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø, som har laga rapporten der han vil slå hol på det han reknar som mytane om norsk fiskerieksport. Rapporten er skriven i samarbeid med Norges Fiskerihøgskole og Handelshøgskolen i Tromsø.

Målet med arbeidet var å finne ut om det er ein statistisk samanheng mellom tollnivået i eit land og den mengda fisk Noreg eksporterer dit. Ørebech har ikkje klart å finne nokon slik samanheng.

Påverkar ikkje marknaden

- Vi har ikkje funne nokon statistisk samanheng mellom kva marknader som er i vekst eller tilbakegang og den tollbelastninga norsk fisk møter i den einskilde marknaden, seier Ørebech.

Rapporten er laga på oppdrag for prosjektet «Alternativer til dagens EØS-avtale» og vart lagt fram på ein pressekonferanse i Molde i dag i samband med landsmøtet i Nei til EU.

- Vi har gjort mange intervju med folk i bransjen. Dei aller fleste fiskeeksportørar er svært tilbakelent med tanke på toll, seier Ørebech.

Les også: Ekspertar meiner tida er inne for å seie opp EØS-avtalen

Eksport til Russland

Annonse

Forskaren viser til at Russland har ein tollsats på 25 prosent for norsk fisk. Likevel har norsk eksport av fisk til Russland auka med fem prosent kvart år dei siste åra.

Norsk eksport av fisk til Kina og India er også aukande, sjølv om det er 30 prosent toll på norsk fisk i India og 15 prosent toll på norsk fisk til Kina.

Eksporten av norsk fisk til EU-området har auka med 320 prosent mellom 1991 og 2010. I fjor eksporterte Noreg fisk til EU-området for 17,2 milliardar euro.

I motstrid til NUPI-rapport

Funna i Ørebechs rapport står i motstrid til funna i ein rapport frå Norges Utenrikspolitiske institutt (NUPI) frå 2007, skrive av seniorforskar Arne Melchior.

NUPI-rapporten slo fast at verknaden av toll på fisk er stor og at handelen blir vridd mot varer med låg toll. Den slo også fast at EU-medlemskap vil bety at ein toll på 0,4 milliardar kronar forsvinn og at etterspurnaden etter norsk fisk vil auke med rundt 1,5 milliardar kronar.

Les også: Nok en gang: Rekordlav oppslutning om EU i meningsmåling

Neste artikkel

Senterpartiet sier nei til fjerde energimarkedspakke