Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppdrettar politimeld for lakselus-juks

Mattilsynet har meldt ein lakseoppdrettar i Sogn og Fjordane til politiet for feilrapportering av lakselustal.

Lakselus. Foto: Thomas Bjørkan (CC BY-SA 3.0)
Lakselus. Foto: Thomas Bjørkan (CC BY-SA 3.0)

– Vi har funne at det ikkje er samsvar mellom dei lakselustala selskapet har registrert i sine eigne system, og dei tala dei har rapportert til Mattilsynet, seier regiondirektør Hallgeir Herikstad i Mattilsynet sør og vest.

Etter reglane må oppdrettarane kvar veke telje og melde inn til Mattilsynet kor mykje lus dei har i anlegga.

Dei må òg sørgje for å halde førekomsten av lakselus under 0,5 vaksen ho-lus per fisk i anlegget gjennom utslakting og andre tiltak.

Annonse

Politimelding er eit verkemiddel Mattilsynet bruker berre i dei mest alvorlege sakene. (©NPK)

Neste artikkel

Betre arealutnytting med nye reglar for plantevernmiddel