Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ommundsen: - Mattilsynet må skjerpe seg for å unngå dyretragediar

Sauenæringa tåler ikkje fleire dyretragediar, ifølgje leiaren for Norsk Sau og Geit, som kritiserer Mattilsynet for ikkje å gjere ein god nok jobb.

På landsmøte i Norsk Sau og Geit på Gjøvik onsdag kom leiar Ove Ommundsen med kraftig kritikk av Mattilsynet.

Les også: Sp-topp: - Inntekta til sauebønder ville blitt kalla sosial dumping i andre næringar

Småfeleiaren viste til merksemda rundt dyretragediar dei siste vekene og sa at slike saker ikkje berre er resultat av menneskelege tragediar.

- Mattilsynet må skjerpe seg

- Menneskeleg sjukdom veit vi kan førekome, men dyremishandling kan også kome av andre årsaker. Eg kjenner til tilfelle der Mattilsynet er varsla og har vore på garden månad etter månad, utan å gjere anna enn å krevje nødslakt av nokre få dyr. Framleis står det fleire hundre dyr der utan at bonden har tilstrekkeleg med fôr. Det kan dreie seg om latskap og kunnskapsmangel, men uansett må Mattilsynet skjerpe seg og bruke dei reglane dei har. Som næring tåler vi ikkje mange slike saker. Vi skal ha god dyrevelferd i næringa, sa Ommundsen frå talarstolen på landsmøte.

- Kan ikkje halde fram

Annonse

Overfor Nationen etter talen seier Ommundsen at Mattilsynet ikkje alltid gjer jobben sin.

- Slike saker kan vi ikkje ha og dessverre gjer ikkje Mattilsynet alltid jobben. Vi i næringa er svært opptatt av at dyrevelferden skal vere god. Dei som ikkje skjøtter dyra godt sine kan ikkje få halde fram, seier Ommundsen.

- Ofte menneskelege tragediar

Fleire andre årsmøteutsendingar sa seg einige, men understreka at det ofte er menneskelege tragediar som ligg bak.

- Eg er einig i at Mattilsynet bør skjerpe seg, men vi må også hugse på at det ofte er personlege tragediar som ligg bak. Viss det er kunnskapsmangel, så kan vi lære folk opp. Latskap er kanskje vanskelegare å gjere noko med, sa fylkesleiar Pål Skoe Kjorstad i Oppland Sau og Geit.

Neste artikkel

Borch advarer mot å flytte ansvaret for dyrevelferd fra Mattilsynet