Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye kveitesortar skal tola hardare vêr

Eit forskingsprosjekt prøver å utvikla nye kveitesortar som skal tola vêr med meir vind og nedbør. Målet er å gje kveite med stabil kvalitet uansett vêr.

Graminor leier eit internasjonalt forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet for å dyrka fram kveitesortar som toler vêr med meir vind og nedbør. Foto: Frank May / NTB scanpix
Graminor leier eit internasjonalt forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet for å dyrka fram kveitesortar som toler vêr med meir vind og nedbør. Foto: Frank May / NTB scanpix

Klimaendringane gjev vêr med meir vind og nedbør, og kvaliteten til norsk kveite kan fort bli øydelagd av sein haust som følgje av mykje nedbør. No arbeider eit internasjonalt forskingsprosjekt med å dyrka nye typar kveite, opplyser Landbruksdepartementet.

– Sjølv om klimaet i Noreg vert endra vil me framleis kunne dyrka norsk kveite med stabil bakekvalitet, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

Annonse

Graminor leier forskingsprosjektet og dyrkar fleire kveitesortar på forsøksfelt i Hedmark. Det kan ta heile 15 år frå Graminor startar arbeidet med ein ny kveitesort til han er tilgjengeleg for produsentane. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet.

Neste artikkel

Klimakur 2030: For ti år siden var kjøttkutt usannsynlig – nå trekkes det fram som viktig tiltak