Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny EU-måling: Avstanden mellom tilhengjarar og motstandarar av norsk medlemskap krympar

Motstandarane av norsk EU-medlemskap har gått tilbake 7,4 prosentpoeng sidan januar. Tilhengjarane har gått fram 6,3 prosentpoeng.

EU-motstanden i den norske befolkninga er framleis høg og på over 70 prosent, medan tilhengjarane av norsk EU-medlemskap utgjer mindre enn 20 prosent. Det syner ei ny måling Sentio har gjennomført for Nationen og Klassekampen.

Les også: Europarørsla vil jobbe for meir enn berre norsk EU-medlemskap

Ei jamføring med tilsvarande EU-målingar det siste året syner likevel at motstanden mot norsk EU-medlemskap har gått tilbake med 7,4 prosentpoeng sidan rekordmålinga frå januar i år på nær 80 prosent. På same tid har medlemskapstilhengjarane gått fram med 6,3 prosentpoeng frå det som var ei botnnotering på 12,6 prosent i januar.

Les også: Arbeiderpartiet dropper EU-søknad

Samla sett har nei-sidas forsprang på målingane krympa frå 67 prosentpoeng i januar til 53 prosentpoeng i dag. Verken ja- eller nei-sida tek likevel tala som teikn på at stemninga i folket er i ferd med å snu.

- Ikkje utslagsgjevande tal

Leiar Paal Frisvold i Europarørsla kallar målinga interessant, men ikkje utslagsgjevande.

- Det er alltid gledeleg å spore ei viss auka oppslutning om EU-medlemskap, men det er framleis ein lang veg å gå for at folk skal få eit betre forståing av kva EU er, seier han.

Leiar Heming Olaussen i Nei til EU seier EU-motstanden er grunnfesta i det norske folket og syner til at nei-standpunktet hadde over 60 prosent oppslutning allereie før den økonomiske krisa i EU slo inn.

Les også: Rekordmotstand mot EU

- Om det er 77 eller 72 prosent som seier nei til EU er av marginal interesse. Det er nivået på motstanden som er interessant, og så lenge det ligg over 70 prosent og tilhengjarane er på under 20, så skjønar alle at ja-sida har ei håplaus sak. 18 prosent oppslutning om medlemskap skremer ikkje, seier han.

Trur ikkje på ny debatt

Oktobermålinga syner fleirtal mot norsk EU-medlemskap i alle aldersgrupper, alle utdanningsgrupper og blant veljarane i alle parti. Størst prosentdel EU-kritiske veljarar har SV og Sp.

SV-leiar Audun Lysbakken seier tala syner at det er håplaust for ja-sida å kjempe for norsk EU-medlemskap.

Annonse

- Det kjem ikkje til å kome nokon ny EU-kamp. Det betyr at vi med større frimod, uavhengig av skyttargravene frå 1972 og 1994, bør diskutere alternativ til dagens EØS-avtale, seier han.

Les også: Frp vil reforhandle EØS-avtalen

Lars Peder Brekk, som er parlamentarisk leiar for Sp, ser ingen annan logisk forklaring på endringane det siste året enn at tala frå januarmålinga var unormalt høge.

- Det overordna bilete er at ja-sida ligg med brukken rygg og nei-sida dominerer situasjonen. Ingen parti ser seg tente med ein ny medlemskapsdebatt no, seier han.

- Skuldest meir informasjon

Sentio-målinga er gjort i dagane både før og etter kunngjeringa om at EU får Nobels fredspris for 2013. Delen som svara nei på spørsmålet om norsk medlemskap var noko mindre etter kunngjeringa enn før, medan delane av dei spurte som svara ja eller "veit ikkje" var høgare etter kunngjeringa.

Les også: EU får Nobels fredspris

Brekk trur ikkje fredsprisen gjev meir enn eit blaff for ja-sida.

- Trass i at Thorbjørn Jagland gav EU fredspris, så er det ein djup og inderleg EU-motstand i det norske folket.

Frisvold trur endringane i EU-oppslutninga det siste året har å gjere med rapporten frå Sejersted-utvalet.

- Vi har fått god og forskingsbasert informasjon som syner kor viktig og kor stor glede EU-samarbeidet er for Noreg, seier han.

Les også: - Norge er som et tre fjerdedels EU-medlem

Les meir om kva Nikolai Astrup, som er stortingspolitikar for Høgre og nestleiar i Europarørsla, og Venstre-nestleiar Terje Breivik, seier om målinga i Nationens eavis eller papirutgåve måndag 22. oktober.

Neste artikkel

Vil ha egen gransking av vaksinestrategi