Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura sine konkurrenter reagerar sterkt på endringar i mottaksplikt

Landbruks- og matdepartementets endringar i føresegnene for mottaksplikt på egg får Nortura sine konkurrentar til å sjå raudt.

Denne veka kom Landbruks- og matdepartementet med endringar i føresegnene om marknadsregulering for egg. Endringane fører til at Nortura sine konkurrentar ikkje automatisk kan levere alt overskotet sitt til Nortura. Kor mykje egg private aktørar kan levere til Nortura vil vera avhengig av kor stor overskotet er månaden før.

Administrerande direktør i Kjøtt- ?og fjørfebransjens landsforbund, Bjørn-Ole Juul-Hansen, seier han er overraska og forskrekka over endringa frå departementet.

- Det er eit dramatisk framlegg og ei krigserklæring mot private eggpakkeri. Ingen av våre innvendingar har vore teke omsyn til, seier Juul-Hansen.

Dobbel mottaksplikt

Nortura er marknadsregulator for egg, og har i dag såkalla dobbel mottaksplikt. Det tyder at selskapet pliktar å ta imot egg både frå eggprodusentane og frå konkurrerantar som har for mykje egg.

Han seier konkurransesituasjonen blir svært vrien for dei private.

Annonse

- Det blir peikt på at dei fleste er samde i sine høyringsuttalar. Ja, dei andre marknadsregulatorane pluss landbrukssam­virket er samde. Endringane er meir tilpassa Nortura enn norske eggprodusentar, seier Juul-Hansen.

- Om ein privat aktør skulle miste ein kunde vil dei risikere å drukne i egg, seier Juul-Hansen.

Store kostnader for Nortura

Nationen lukkast ikkje med å få kommentarar frå Nortura i går. I sine vurderingar kring endringane i føresegnene skriv Nortura at ordninga fram til i dag har?ført til store og uføresette leveransar av egg, som igjen har ført til store kostnader for produsentane og belastning for Nortura.

I Nationens e-avis kan du også lese kva Landbruks- og matdepartementet meiner om dette synet.

Neste artikkel

Rekordstort lager med kjøtt frå storfe: – Ikkje gunstig