På høyringa om landbruksmeldinga på Stortinget fredag uttrykte mange av organisasjonane i landbruket stor uro for nedgangen i produksjonen av storfekjøtt.
Gunnar Dalen, direktør for nærings- og handelspolitikk i Nortura, sa at storfe er den største kjøttproduksjonen målt i verdi.
Ber om tiltak for å auke produksjonen
I motsetning til dei andre kjøttslaga har ein derimot ikkje klart å auke produksjonen av storfekjøtt i takt med etterspørselen, ifølgje Dalen.
- For alle dei andre kjøttproduksjonane har ein klart å auke produksjonen i takt med etterspørselen, men på storfe har det blitt ein betydeleg underdekning og aukande import. Eg vil utfordre næringskomiteen til å utforme ein strategi for å snu utviklinga og auke produksjonen av storfekjøtt, sa Dalen.
På høyringsmøte på Stortinget viste han til at storfeproduksjonen har mykje å seie både for sysselsetjing i distrikta, pleie av kulturlandskapet og oppretthalde sjølvforsyningsgraden.
- Ammekyr er eit kinderegg
Organisasjonen for kjøttfebøndene, Tyr, vil også ha satsing på auka storfeproduksjon.
- Ammekyr er eit kinderegg for å nå måla som er sett i landbruksmeldinga. Det er dei beste beitedyra og bidrar til opne landskap, sa styreleiar Erlend Røhnebæk i Tyr.
6700 tonn i underdekning
Røhnebæk sa at underskotet på storfekjøtt er på 6700 tonn, og han etterspurde tydelegare målsetjingar for å auke produksjonen av storfekjøtt i landbruksmeldinga.
- Problemet i dag er at økonomien i storfekjøttproduksjonen er for svak, sa Røhnebæk.
Følg høyringa om landbruksmeldinga direkte på nett-tv