Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk småkraft lokkar utanlandske selskap

Utanlandske selskap har fått opp auga for norsk vindkraft og småkraftverk. – Eg trur ikkje ein såg for seg denne dynamikken då ein opna for utbygging av småkraftverk på starten av 2000-talet, seier småkraftforskar.

Småkraftverk: Mellom 2000 og 2016 blei det bygd 432 småkraftverk. Foto: Bjørn Lytskjold / NVE

Mellom 2000 og 2016 var det ei omfattande utbygging av småkraftverk. Heile 432 småkraftverk blei bygde. I dag er 21 prosent av produksjonen til desse småkraftverka eigde av utanlandske selskap, viser ein gjennomgang Noregs vassdrags- og energidirektorat har gjort.

– Det er eit stort sprang frå det som var utgangspunktet, seier forskar Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet.

Han viser til at tilrettelegginga for småkraftverk først og fremst var meint for at bønder og grunneigarar skulle få ei tilleggsinntekt. Men gunstige vilkår gjorde småkraftutbygging attraktivt for etablerte selskap som Statkraft, E-CO, BKK og TrønderEnergi.

Utanlandske investorar gir vekst

No er det utanlandske investorar som skaper fart i småkraftbransjen. Norske investorar har for høge krav til avkastning, har Småkraftforeninga tidlegare sagt til Nationen.

Småkraftforeninga har også meldt om at ein ny boom er i emning. Denne gongen leiger grunneigarane ut fallretten, og store utanlandske selskap står for utbygging og drifta.

– Det er truleg ein parallell til det som skjer med vindkraft. Det er ikkje nok utbytte til at norske selskap investerer, seier Yttri. Han meiner det ikkje bidrar til særleg stor lokal verdiskaping når dei som investerer kjem frå utlandet og naturleg nok skal ha igjen for investeringa dei har gjort.

RESSURS FOR LANDBRUKET: Småkraftutbygginga skulle gi bønder og grunneigarar ei tilleggsinntekt. I dag er fleire utanlandske selskap interesserte i å tena pengar på sal av straum produsert i mindre elver og bekkar i Noreg. Foto: Bjørn Lytskjold / NVE

Av alle kraftverk hadde 176 utanlandske eigarinteresser, viser ei gjennomgang frå i fjor.

– Dei utanlandske selskapa synest vera seriøse og langsiktige eigarar, men ein stor del av verdiskapinga går naturleg nok til utlandet. Den enkelte grunneigar kan vurdera om han er tent med ein utanlandsk eigar, seier Yttri.

"Det er eit stort sprang frå det som var utgangspunktet."

Gunnar Yttri, forskar ved Høgskulen på Vestlande

Han legg til at mykje tyder på at salet til utanlandske selskap har skjedd i ordna former. Dei utanlandske selskapa fører ofte berre vidare leigeavtalar som er inngått mellom grunneigarar og norske kraftselskap.

– Ei vesentleg endring i småkraftbransjen skjedde i 2014 og 2015 då dei største norske offentleg eigde kraftselskapa med Statkraft og E-CO i spissen selde småkraftverka og avtalen deira til investeringsselskapet Aquila Capital, seier Yttri.

Annonse

Noreg ein interessant marknad

I første kvartal i år blei det gitt konsesjon til 13 små vasskraftverk med ein årsproduksjon som er mindre enn 10 megawatt (MW), viser ferske tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat. NVE forventar at det blir sett i drift 415 småkraftverk i år og 161 neste år, fortel direktoratet i ei oppsummering av første kvartal 2019.

Det sveitsiske selskapet Aventron er eitt av selskapa som ser Noreg som ein vekstmarknad for småkraftproduksjon, ifølgje Dagens Næringsliv. Sveitsarane har investert 125 millionar kroner i fem utbyggingar i Sirdal i Vest-Agder.

Produksjonen frå eitt småkraftverk kan samanliknast med produksjonen frå éin vindturbin. Aventron har tretten småkraftverk i drift og bygger åtte nye. Tett befolkning gjer utbygging i Sveits vanskeleg. Difor ser selskapet til bekkar og elver i Noreg.

– Framtida er desentralisert kraftproduksjon der dei lokale har eit overskot og der miljøpåverknad er avgrensa, sa dagleg leiar Daniel Moll i Aventron Norway til DN.

Andre selskap som kjøper seg inn i norsk småkraft er Enso Hydro, SL Capital Partners, Aquila, ACE Hydro Norway, Kymppivoima og CVP/CAP.

Småkraftverk i Seimsdal i Årdal i Sogn og Fjordane. Foto: Hanne Bakke / NVE.

Konsesjonane ligg klare

Kvar for seg kan småkraftverka produsera maksimalt ti megawatt for å unngå skattereglar og avgrensingar i eigarskap som gjeld for dei store vasskraftverka. For tida går det føre seg 39 utbyggingar av småkraftanlegg i Noreg til ein samla produksjon av 0,6 terawattimar.

NVE peikar på at høge kraftprisar og at støtteordninga med elsertifikat for grøn energi er i ferd med å avsluttast som moglege forklaringar på at fleire prosjekt blir realiserte. I tillegg er interessa frå utanlandske investorar ein del av forklaringa.

Det ligg også 378 ubrukte konsesjonar klare. Desse kan gi ein samla årsproduksjon på 3 terawattimar. Den årlege kraftproduksjonen er i dag på 140 terawattimar, viser tala frå NVE.

Fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland har alle over 60 konsesjonar som ikkje er bygde ut enno. Rogaland og Møre og Romsdal har 26 utbrukte konsesjonar, medan Telemark og Buskerud har 33 og 9 ubrukte.

Neste artikkel

Bondeprotest mot utslippskutt i Nederland